Alpstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alpstein
Fjellkjede
none  Alpstein frå sør
Alpstein frå sør
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Region St. Gallen, Appenzell
Høgaste punkt Säntis
Geologi Sedimentær
Orogenese Tertiær
Periode Mesozoikum

Alpstein er ei undergruppe av Appenzelleralpane i Sveits. Alpstein-massivet ligg i Appenzell Innerrhoden, Appenzell Ausserrhoden og St. Gallen.

Trass i at fjellkjeda er relativt låg samanlikna med andre fjell i Alpane - det høgaste fjellet er Säntis på 2502 moh - er Alpstein, fordi dei ligg langt mot nord og berre kort veg frå Bodensjøen (om lag 30 km) relativt høge samanlikna med dei omliggande områda. Fjellkjeda omfattar òg Altenalp Türm som den nordlegaste toppen over 2 000 meter i Sveits.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Frå Säntis mot Girenspitz (2448 m).

Geologisk skil Alpstein-massivet set frå dei hovudsakleg granittiske sentrale Alpane. Alpstein er hovudsakleg eit kalksteinsmassiv og er dermed ein vestleg del av dei austlege fjellkjedene som går mellom Tyskland og Austerrike.

På grunn av erosjon finn ein mange sprekker, grotter og slukhol i kalksteinen. To av tre innsjøar har ikkje noko drenering frå overflata. Vatnet frå Fälensees renn langs fjellryggen sørvestover og inn i Rhinen.

Morfologisk er det tre tektoniske foldar som går frå sørvest til nordaust. Berre Lisengrat, knutepunktet mellom dei to toppane Säntis Altman går vinkelrett til hovudryggen.

Koordinatar: 47°15′N 9°20′E