Alstadsteinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alstadsteinen på museet i Oslo

Alstadsteinen er ein 2,70 meter høg runestein med bilete (biletstein) som stod på garden Nedre Alstad, HofAustre Toten, og som no er på Kulturhistorisk museum i Oslo. Steinen er ei 13 centimeter tjukk, langstrekt helle av raud ringerikssandstein dekt med bilete i såkalla ringeriksstil på båe breisidene, og runeinnskrifter på den eine, rett tilhogde smalsida, og på framsida. Steinen er rekna for å vere frå ikring år 1000.

På framsida av steinen er det øvst synt ein rovfugl i flukt oppover, under fuglen ein hund, deretter ein ryttar med ein jaktfalk ståande på eine handa; jaktfalken og hunden er til dels teikna ovanpå kvarandre. Under hesten er ein ny hund å sjå, under hunden ein hest utan ryttar, og nedst ein hest med ryttar. Hestane og hundane er i fart frå høgre mot venstre i biletet. Dyra er synt i profil, og alle fire beina har vore framstilt slik at dei kunne sjåast. Dyra er rissa inn i steinen med doble konturliner, medan ryttarane og rovfuglen øvst i biletet er rissa inn med einskildliner. Biletet er vorte tolka som ein jaktscene. På baksida av steinen er flata dekt av eit bandflettingsmotiv som kan vere ein stilisert vekst eller eit stilisert tre. Bileta på steinen syner nok til ein mytologisk eller reell hending knytt til den funksjonen og statusen som denne ætta hadde i samfunnet, og på det viset har gjeve eit meiningsgrunnlag for bodskapen i runeinnskriftene.

Den eine runeinnskrifta (N 61) er i langkvistruner og plassert på den venstre smalsida av steinen og opp langs venstre kanten av framsida. Innskrifta er rekna for å ha vore skrive i samband med at steinen vart utforma og reist ikring år 1000, og er tolka slik:

N 61: «Jorrun reiste denne stein etter .... som eigde [var gift med] henne, og [ho] førte [steinen] utanfrå Ringerike, frå Ulvøy. Og biletsteinen båe heidrar.»

Då Ulvøy er ei øy i TyrifjordenRingerike der det er slik raud ringerikssandstein, reknar ein med at det er her steinen er henta frå. Ein har altså sett seg tent med å hente høveleg stein langvegsfrå for å få sett opp eit slikt monument på garden.

Den andre runeinnskrifta på steinen (N 62) er i kortkvistruner og ristet i tre radar under biletet på framsida, og reknast for å ha vorte tilføydd i perioden 1050-1075. Denne innskrifta er tolka slik:

N 62: «Engle reiste denne stein etter Torald, sin son, som fant døden i Vitaholm, mellom Vitaholm og Gardar.»

Gardar er vanlegvis namnet på Russland, men det har vore rekna med at det i denne samanhengen er meint Kiev.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]