Kiev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 50°27′00″N 30°31′24″E
Kiev
Київ, Kyiv
by
none
flagg
våpen
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
høgd 179 moh
koordinatar 50°27′00″N 30°31′24″E
Areal 839 km²
Folketal 2 797 553 (2010)
 - storby 3 648 000
Tettleik 3 334 / km²
Grunnlagd 400-talet
borgarmeister Halyna Hereha (fungerande) [1]
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 01xxx-04xxx
Retningsnummer +380 44
Bilnummer AA (før 2004: КА, КВ, КЕ, КН, КІ, KT)
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg
Nettstad: www.kmv.gov.ua

Kiev (ukrainsk Київ, Kyjiv, russisk Киев, Kiev) er hovudstaden og den største byen i Ukraina, han ligg nord i det sentrale Ukraina ved elva Dnepr. Byen er ei eiga administrativ eining, men er administrasjonsstad for området kring, Kiev oblast. Byen har offisielt kring 2,8 millionar innbyggjarar (2010), men på grunn av mange ikkje registrerte innflyttarar vert det rekna med at byen har kring 4 millionar innbyggjarar. Kiev er eit viktig senter i Aust-Europa for industri, vitskap, utdanning og kultur. Mange høgteknologiske industriar og høgare utdanningsinstitusjonar ligg i byen, i tillegg til verdskjende historiske landemerke. Byen har ein omfattande infrastruktur og eit høgt utvikla kollektivtilbod, inkludert Kiev Metro. I helgene vert sentrum stengt for biltrafikk, til føremon for fotgjengarane.

Mikaelskatedralen i Kiev

Namnet Kiev er sagt å kome frå namnet Kyj, ein av dei fire legendariske grunnleggjarane av byen (brørne Kyi, Sjtsjek, Khoryv og systera Lybid). I løpet av historia har Kiev, ein av dei eldste byane i Aust-Europa, gått gjennom fleire periodar som viktig senter og periodar som ein nesten gløymd stad. Byen oppstod truleg som eit handelssenter så tidleg som 400-talet. Byen var ein slavisk stad styrt av khazarar langs den store handelsruta mellom Skandinavia og Konstantinopel[2] fram til han vart erobra av væringar (vikingar) på midten av 800-talet. Under styret til væringane vart byen hovudstad i Kievriket, den første austslaviske staten. Skal ein tru Nestorkrønika, herska dei to skandinaviske høvdingane Askold og Dir over Kiev på 860-talet. I 878 blei byen erobra av Oleg, etterfølgaren til Rurik som fyrste i Novgorod. Gjennom 900- 1000- og 1100-talet var Kiev senteret i det russiske riket, men allereide i andre halvdelen av 1000-talet var det klåre teikn til at rikseinskapen var i ferd med å gå tapt. Etter kvart blei underfyrsten Vladimir sterkare enn Kiev-fyrsten. Han vart totalt øydelagd under Mongolinvasjonen i 1240 og byen vart mykje mindre viktig dei neste hundreåra. Han var ein provinshovudstad i utkanten av områda kontrollerte av dei mektige naboane sine, først Storhertugdømet Litauen, så Polen og Russland.[3]

Byen blømde igjen under den industrielle revolusjonen i Det russiske imperiet seint på 1800-talet. I 1917, etter at Den ukrainske nasjonalrepublikken erklærte sjølvstendet sitt frå Det russiske imperiet, vart Kiev hovudstaden. Og frå 1921 og frametter var Kiev ein viktig by i Den ukrainske sovjetiske sosialistrepublikken, og frå 1934 hovudstaden i republikken. I løpet av andre verdskrigen vart byen igjen utsett for stor øydelegging, men vart raskt bygd opp att i etterkrigsåra og vart den tredje største byen i Sovjetunionen. Etter oppløysinga av Sovjetunionen og sjølvstendet til Ukraina i 1991 vart Kiev verande hovudstaden i landet.

Byen har eit universitet, som vart grunnlagt i 1834. I tillegg finst det 17 høgskular, 25 museum, eit planetarium, teater, botaniske og zoologiske hagar i byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart truleg grunnlagt allereie på 400-talet, då som ein utpost i Khazarriket. Han vart seinare sentrum i den austslaviske sivilisasjonen, og vart hovudstad i Kievriket frå 800-talet. Under stordomstida til byen var han ein av dei største i Europa, og hadde over 100 000 innbyggjarar. Gullalderen tok ein definitiv slutt då byen vart øydelagt under mongolinvasjonen av Russland.

I 1321 vart byen erobra av Gediminas av Litauen, og vart lagt under Storhertugdømet Litauen. Frå 1569 låg han under Det polsken-litauiske samveldet, før byen kom under russisk styre midt på 1600-talet.

Kiev vart etterkvart ein av dei viktigaste byane i Det russiske imperiet. Etter første verdskrigen og Oktoberrevolusjonen i 1917 vart byen eit stridstema i samband med oppløysinga av det russiske imperiet, og var krigsskodeplass både i den russiske borgarkrigen og under den polsken-sovjetiske krigen. I 1921 vart byen med i ukrainske SSR og Sovjetunionen, frå 1934 som hovudstad i den ukrainske sovjetrepublikken.

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Kiev har ein spesiell administrativ status i Ukraina. Byen er ikkje underlagt det omliggande Kiev oblast, men er som forvaltningsledd direkte underlagt staten. Samstundes blir den politiske leiinga i byen valt direkte, i motsetnad til i resten av landet der han blir utpeikt av staten. Sidan 2006 har Leonid Tsjernovetskyj vore ordførar.

Byen er delt inn i di rajonar (distrikt eller bydelar), med eit visst politisk sjølvstyre.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Byen har eit universitet grunnlagt i 1834. Dessutan har byen 17 høgskular.

Turistmål[endre | endre wikiteksten]

Kiev har 25 museum, eit planetarium, teater og fleire botaniske og zoologiske hagar i byen. Eit av dei mest kjende landemerka er Den store fedrelandskrigen-museet med statuen Rodina-mat på toppen. Inklusive sokkelen er monumentet heile 102 meter høgt, og den fjerde største i verda av sitt slag. Kiev-operaen er òg berømt, og er blant dei beste operahusa i det tidlegare Sovjetunionen.

Grotteklosteret og St. Sofia-katedralen er begge på verdsarvlista til UNESCO.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Kiev har eit godt utbygd kollektivnett. Store delar av byen blir dekt av tunnelbanen (Kiev Metro), som har 45 stasjonar. T-banesystemet er under stadig utviding. I tillegg til T-banen har Kiev bussar, trolleybussar og trikk.

Drosjesystemet i Kiev er dårleg regulert, og det er ingen offentleg fastsett kilometertakst. Byen har òg mange meir eller mindre uformelle drosjar.

Hovudflyplassen i Kiev er Boryspil internasjonale lufthamn, som ligg i forstaden Boryspil 29 kilometer austom sentrum.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Kiev har eit fuktig kontinentalklima (Köppen Dfb)[4]. Dei varmaste månadane er juni til august, med middeltemperaturar frå 13,8 til 24,8 °C. Dei kaldaste månadane er desember til februar med middeltemperatur frå -4,6 til -1,1 °C. Varmerekorden i byen er 39,4 °C frå den 31. juli 1936. Kulderekorden i byen er -32,2 °C frå den 7. og 9. februar 1929. Snødekkjer ligg vanlegvis i byen frå midten av november til slutten av mars og frostperioden varer i snitt 180 dagar, men kan somme år gå over 200 dagar.

Klimadata for Kiev
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Varmerekord °C 11.1 17.3 22.4 30.2 33.6 35.0 39.4 39.9 33.8 27.9 23.2 14.7 39,9
Normal maks. temp. °C -0.9 0.0 5.6 14.0 20.7 23.5 25.6 24.9 19.0 12.5 4.9 0.0 12,5
Døgnmiddeltemp. °C −3.5 −3.0 1.8 9.3 15.5 18.5 20.5 19.7 14.2 8.4 1.9 -2.3 8,4
Normal min. temp. °C -5.8 -5.7 -1.4 5.1 10.8 14.2 16.1 15.2 10.2 4.9 0.0 -4.6 4,9
Kulderekord °C -31.1 -32.2 -24.9 -10.4 -2.4 2.4 5.8 3.3 -2.9 -17.8 -21.9 -30.0 -32,2
Nedbør (mm) 36 39 36 46 57 82 72 61 58 40 48 44 619
relativ fukt 83 80 74 64 62 67 68 67 74 77 85 86 74
Normal mengd nedbørdagar 8 7 9 13 14 15 14 11 14 12 12 9 138
Normale månadlege solskinstimar 31.0 56.5 124.0 180.0 279.0 270.0 310.0 248.0 210.0 155.0 60.0 31.0 1 954,5
Kjelde nr. 1: Pogoda.ru.net[5]
Kjelde nr. 2: BBC weather (sun values).[6]

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Typisk forstad i Kiev.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kyiv City Council accepts Mayor Chernovetsky's resignation
  2. Columbia Encyclopedia, article Kiev
  3. «Kiev i Ukraina – Britannica Online Encyclopedia». Encyclopædia Britannica. http://www.britannica.com/EBchecked/topic/317542/Kiev. Henta 9. september 2012. 
  4. Kottek, M.; J. Grieser, C. Beck, B. Rudolf og F. Rubel (2006). «World Map of the Köppen-Geiger climate classification updated». Meteorol. Z. (3): 259–263. doi:10.1127/0941-2948/2006/0130. 
  5. «Pogoda.ru.net» (på russisk). http://pogoda.ru.net/climate/33345.htm. Henta 3 July 2012. 
  6. BBC Weather: Kiev, BBC. Retrieved 3 July 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kiev