Altafjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 70°8′11″N 23°5′15″E

Altafjorden

Altafjorden er ein fjord i Alta kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 36 km sørover til Borani ved Kåfjordbotn i botn av Kåfjorden.

Fjorden har innløp mellom Klubbenes i vest og bygda Storekorsnes i aust. Nokre kilometer inn i fjorden går Langfjorden 31 km vestover til Langfjordbotn. Innløpet til denne fjordarmen ligg ved bygda Isnestoften og på nordsida her ligg vika Ytterkoven. Like sør for Storekorsnes går fjordarmen Skillefjorden vestover. Årøya ligg aust i fjorden litt sør for Skillefjorden og på søraustsida av denne øya ligg Leirbotn og bygda Kviby. Leirbotn er ei stor vik på austsida av fjorden og frå her og sørover smalnar Altafjorden inn.

Talvik er ein tettstad på vestsida av fjorden, medan sjølve Alta ligg heilt sør i fjorden. Ved Alta deler Altafjorden seg i to. Vest for Alta går fjorden vidare innover som Kåfjorden, medan Rafsbotn går austover til bygda med same namn.

E6 går langs vestsida og sørsida av fjorden, medan Riksveg 883 går langs austsida i den ytre delen. I tillegg finn ein Fv18, Fv12, Fv13 og Fv28 i den indre delen av fjorden.