Altaiske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Altaiske språk er ei gruppe av språkfamiliar med språk som hovudsakleg har talarar i Sentral-Asia og det fjerne Austen. Eksistensen av ein språkfamilie altaisk er omstridd. Det er fleire ulike teoriar om altaisk:

  1. Altaisk er ikkje ein språkfamilie. Det at mongolske, tungusiske og tyrkiske språk liknar på kvarandre kjem av at dei har eksistert side om side.
  2. Altaisk er ein språkfamilie som består av dei mongolsk, tungusiske og tyrkiske språkfamiliane
  3. Altaisk er del av ein større språkfamilie
    1. Denne familien omfattar altaisk og uralsk
    2. Denne familien omfattar altaisk, koreansk og kanskje også japansk
    3. Denne familien omfattar altaisk, uralsk, koreansk, japansk, indo-europeisk, dravidisk, kaukasisk, sumerisk, afro-asiatisk og eskimo-aleutisk, og er altså ein del av ein stor, nostratisk språkfamilie.

På 1800-talet føreslo nokre lingvistar at dei altaiske språka skulle høyre saman med dei uralske språka (med blant anna finsk) som dei «ural-altaiske språka», men den teorien er avvist av seinare og meir grundig lingvistisk forsking.Det einaste som ikkje er omstridd er at mongolske, tungusiske og tyrkiske språk kvar for seg dannar tre genetiske språkfamiliar.

Dei som stør den første hypotesen peiker på at argumenta mot ural-altaisk også kan brukast som argument mot altaisk. Likevel finst det såpass mange leksikalske og særleg grammatiske fellestrekk mellom dei tre språkgreinene i den altaiske familien, at dette synet har mest støtte.

Lingvistar som Ramstedt og Poppe vil ta koreansk med i same språkfamilie.

Den nostratiske språkfamilien har liten støtte ut over ei lita gruppe av typologar. Dei viktigaste av dei er Joseph Greenberg, Merrit Ruhlen og Bernhard Comrie.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Miller, Roy andrew 1961: Japanese and the other Altaic Languages. Chicago.
  • Poppe, Nicholas 1955: Introduction to Mongolian Comparative Studies. Helsinki.
  • Poppe, Nicholas 1960: Vergleichende Grammatik der altaischen Sprachen. Wiesbaden.
  • Ramstedt, G.J. 1952-57: Einführung in die altaische Sprachwissenschaft I-II. Helsinki.


Altaiske språk
Mongolske språk | Tungusiske språk | Tyrkiske språk
Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.