Mongolske språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Mongolske språk | ||
| Klassifisering: | Altaisk (omstridd) Mongolske språk |
|
| Vidare inndeling: | Austmongolske språk Vestmongolske språk |
|
| Område: | Mongolia, Indre Mongolia, Xinjiang, Gansu, Qinghai, Burjatia og Kalmykia | |
Mongolske språk er ein språkfamilie som blir snakka i dei nordlege delane av Asia.
Dei mongolske språka skil seg frå kvarandre framfor alt syntaktisk, leksikalsk sett er det ikkje så store skilnader dei i mellom.
Dei mongolske språka blir ofte bunta saman i lag med tyrkiske og tungusiske språk til ein altaisk språkfamilie, men denne teorien får mindre og mindre støtte.
Klassifisering [endre]
Sjølv om avgrensinga av dei mongolske språka mot andre språkfamiliar er uproblematisk, er den interne strukturen til språkfamilien problematisk. Den tradisjonelle inndelinga i aust- og vestmongolsk (med ein restkategori av «randspråk») er geografisk heller enn genetisk motivert.
- Vestmongolsk
- Austmongolsk
- Andre mongolske språk
- Dauriske språk i Indre Mongolia
- Moghol i Afghanistan
- Ein del andre små språk, som tu
Litteratur [endre]
- Janhunen, Juha (2003): The Mongolic Languages. London: Routledge
- Clauson, Gerard (1962): Turkish and Mongolian studies. London: Luzac
- Comrie, B. (1981): The languages of the Soviet Union. Cambridge: CUP
- Masica, Colin P. (1976): Defining a linguistic area: South Asia. Chicago, IL / London: Chicago UP
- Ramsey, S. Robert (1987): The languages of China. Princeton
|
|
|
|---|---|
| Klassisk mongolsk språk · Mongolsk · Dagursk · Monguorsk · Guluighursk · Pao-an · Santa · Oiratsk · Kalmyksk · Burjatisk · Khalkamongolsk · Khorchinsk · Ordos |