Anafylaksi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Anafylaksi er ein alvorleg og snøgg systemisk allergisk reaksjon på ein utløysande substans (triggersubstans) kalla eit allergen. Berre svært små mengder av den utløysande substansen kan valda ein livstruande anafylaktisk reaksjon. Anafylaksi kan oppstå etter å ha ete/drukke, ha anda inn, hatt hudkontakt med eller etter injeksjon med den utløysande substansen. Den mest alvorlege anafylaktiske reaksjonen, anafylaktisk sjokk, fører vanlegvis til død dersom det ikkje vert behandla innan kort tid.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Anafylaktisk sjokk er eit livstrugande medisinsk naudstilfelle og krevjer ofte tilsyn av lækjar fordi det fører til svært snøgg samansnøring («konstriksjon») av luftvegane, bronkospasme, ofte i løpet av minuttar. Hjarte-lunge-redding (HLR) er ofte lite effektivt i slike situasjonar, men kan prøvast dersom personen sluttar å pusta. Personar som tidlegare har hatt anafylaktisk reaksjon, er gjerne utstyrte med EpiPen eller liknande utstyr for å kunna få snøgg tilførsel av adrenalin, anten ved å injisera dette sjølve eller ved hjelp av andre. Gjentatte injeksjonar er berre fårlege dersom dei vert gjevne tett etter kvarandre (mindre enn 10-15 min. mellomrom). Adrenalin kan auka hjartefrekvensen (pulsen), stundom føra til takykardi og (sjeldnare) ventrikulær tachycardi med opp til 240 hjarteslag i minuttet. Dersom adrenalin likevel hindrar bronkospasme, kan det vera livreddande.

Symptom[endre | endre wikiteksten]

Symptoma kan bestå i pustevanskar, blodtrykksfall (hypotensjon), tendens til å svima av, i blant medvitsløyse, utslett («elveblest», urticaria), angioødem (hevelse i ansikt, på halsen og i svelget) og kløe. Dette vert utløyst gjennom verknaden til immunglobulin E (IgE) og andre anafylotoksin som fører til frisetjing av histamin og andre mediatorsubstansar gjennom degranulasjon i mastceller. Histamin utløyser m.a. også vasodilatasjon (utviding av blodkar) som gjer at væske lek frå kara ut i kroppsvev og fører til hevelse.

Utløysande årsaker[endre | endre wikiteksten]

Vanlege utløysande årsaker hjå menneske er:

Fødemiddel, t.d. mjølk, ost, nøtter, peanøtter, fisk og skaldyr, kveitemjøl og egg
Medisinar, t.d. penicillin, cefalosporinar, kontrastmiddel (ved røntgenundersøkingar), acetylsalicylsyre (ASA) (t.d Albyl, Globoid Dispril), NSAID (t.d. ibuprofen, naproxen, diclofenac)
Latex
Innsektsstikk, (t.d. bie, veps)
Fysisk aktivitet

Blodoverføring med uforlikelege blodprodukt kan gi tilsvarande klinisk tilstand.

Behandling[endre | endre wikiteksten]

Førstehjelp på staden kan bestå i injeksjon av adrenalin, og, som nemnt, hjarte-/lungeredding. Ambulansepersonell kan gi surstoff og, dersom det er påkrevd, intubera pasienten under transport til meir avansert medisinsk behandling. I tilfelle med svært angioødem og blokkering av luftvegane kan det vera påkrevt å opna luftrøyret (trakea) gjennom eit snitt framme på halsen under strupehovudet, trakeotomi.

Den kliniske behandlinga av anafylaksi hjå ein lækjar eller på sjukehus rettar seg mot å behandla både den cellulære hypertensivitetsreaksjonen som symptoma. Medikament av typen antihistaminar (som motverkar effekten av histamin på histaminreseptorane) vert bruka, men er vanlegvis ikkje tilstrekkeleg ved anafylaksi, og store dosar kortikosteroidar vert gjeve intravenøst. Stundom vert også vasokonstriktorar nytta, desse får blodkara til å trekkja seg saman. Mot bronkospasme vert det gjeve bronkodilatatorar (t.d. salbutamol eller terbutalin). I alvorlege tilfelle kan vidare behandling med adrenalin vera livreddande. Kunstig ventilering (respirator) kan også vera påkrevd.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]