Anamorfose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Andrea Pozzo sitt takmåleri i St. Ignaziokyrkja.
Ambassadørane måla av Hans Holbein d.y. i 1533. Når den diffuse skiva i framgrunnen vert sett frå den rette vinkelen, kjem det dauingehovudet fram som er synt i fotografiet under.
Den anamorfe detaljen frå Ambassadørane sett frå vinkelen som opphever forvrenginga.

Ein anamorfose er ein forvridd projeksjon eller eit forvridd perspektiv; særleg eit bilete forvridd på eit slikt vis at det vert synleg berre når ein ser det på eit særskild vis.

Leonardos auge (Leonardo da Vinci, ca 1485) er det fyrste kjende eksempelet på anamorfose.

I det 17. hundreåret brukte barokke trompe-l'œil veggmåleri ofte denne teknikken for å kombinere faktiske arkitektoniske element med ein illusjon. Når ein står framfor kunstverket på eit spesifikt punkt glir arkitekturen inn i måleriet. Domen og kvelvinga til St. Ignaziokyrkja i Roma, måla av Andrea Pozzo, representerer eit høgdepunkt innan anamorfose. Grunna klager frå nabomunkar over at den planlagde kyrkja ville kome til å stenge for ljoset vart Pozzo hyra til å måle innsida av ein dom istaden for å konstruera ein, men sidan taket er flatt vart illusjonen berre perfekt sett frå eit punkt inne i kyrkja, og det er berre sett frå det punktet kvelvinga ser ekte ut.

Eit anna døme er Kurt Wenner og Julian Beever sine krittmåleri på fortau der krittmåleria, asfalten og dei arkitektoniske omgjevnadane går saman som delar av same illusjonen.

Hans Holbein den yngre er kjend for å ha brukt anamorfe triks i arbeidet sitt, som det vidgjetne dauingehovudet i målarstykket Ambassadørene som berre kjem fram dersom nett denne detaljen vert sett frå ein særskild vinkel.

I andre anamorfosar vert eit anamorfoskop (ein kjegleforma eller sylindrisk spegel) plassert på teikninga eller måleriet for å endre eit flatt forvrengd bilete til eit tredimensjonalt bilete som kan sjåast frå mange vinklar. Det forvrengde biletet vert måla på ei plan overflate rundt spegelen. Når ein berre ser biletet gjennom spegelen ser ikkje biletet forvrengd ut. I det 17. og 18. hundreåret gjorde denne anamorfoseteknikken det mogleg å vise til dømes karikaturar, erotiske og skatologiske bilete på ein diskré måte for publikum. Anamorfoskopet vart oppfunne i Kina og kom til Italia i det 16. hundreåret, omtrent på den tida då renessansekunstnarar som Leonardo de Vinci lærde seg å meistre 3-D og oppdaga skråblikksanamorfose.

IMAX, Cinemascope og andre anamorfiske breidformat brukar anamorfose for å projisera eit omgjevande bilete frå ein flat, todimensjonal film.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen byggjer på artikkelen «Anamorphism» frå Wikipedia på engelsk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]