Andøybrua
| Andøybrua | |
| Kryssar | Risøysundet |
|---|---|
| Stad | Hinnøya–Andøya ved Risøyhamn |
| Lengste spenn | 110 m. |
| Total lengd | 750 m. |
| Seglingshøgd | 30 m. |
| Opna | 5. september 1974 |
Andøybrua er en spennbetongbru (bogebru) som ligg i Andøy kommune og går over Risøysundet mellom Risøyhamn på Andøya og Hinnøya. Ho er del av riksveg 82. Brua er bygd etter fritt frambygg-metoden og har ei totalengd på 750 meter, seglingshøgd på 30 meter og eit hovudspenn på 110 meter. Brua har 21 spenn.
Andøybrua vart opna 5. september 1974, og er ei av Vesterålsbruene. Desse vart oppførde på 1970-talet som del av eit interkommunalt samarbeid mellom kommunar i Vesterålen og Statens vegvesen, og gav kommunane ferjefritt vegsamband. Vesterålsbruene vart til største delen finansiert gjennom bompengar.
Andøybrua og dei andre Vesterålsbruene vart prosjektert av firmaet Aas-Jakobsen AS i Oslo.
Dei andre Vesterålsbruene er Sortlandsbrua, Hadselbrua og den noko mindre Kvalsaukan bru. Saman med Tjeldsundbrua ved Harstad, knyter desse Vesterålen til fastlandet.
Bakgrunnsstoff [endre]
Denne artikkelen byggjer på «Andøybrua» henta frå Wikipedia på bokmål 6. mars 2008. Bokmålsartikkelen gjev denne kjelda: