Vesterålen
Vesterålen er eit øydistrikt lengst nord i Nordland fylke, rett nordom Lofoten. Vesterålen har eit landareal på til saman 2503 km2 og femnar om kommunane Andøy (659 km2), Bø (248 km2), Hadsel (566 km2), Sortland (713 km2) og Øksnes (317 km2).
Innhaldsliste |
Geografi [endre]
Geografisk inkluderer Vesterålen øyane Andøya, Hadseløya, den vestlege delen av Hinnøya, Langøya og den nordlege delen av Austvågøya.
Det er 30 648 innbyggjarar i Vesterålen (1.1.2004), fordelte på kommunane Andøy (5442), Bø (3029), Hadsel (8076), Sortland (9486) og Øksnes (4615) (SSB) .
Dei største tettstadene er Andenes (i Andøy kommune), Sortland, Straume (i Bø kommune), Melbu (i Hadsel kommune), Myre (i Øksnes kommune), og Stokmarknes (i Hadsel kommune).
Kommunikasjon [endre]
Øyane i Vesterålen er knytte saman med brusamband og har òg ferjefri veg til fastlandet. Det finst to flyplassar i Vesterålen; Andøya lufthamn, Andenes og Stokmarknes lufthamn, Skagen. Hurtigruta har stopp i Risøyhamn (i Andøy kommune), Sortland og Stokmarknes.
Fortidsminne [endre]
Vesterålen er rik på fortidsminne og funn viser at det har vore busetjing der sidan yngre steinalder.
Geologi [endre]
I Vesterålen finn me både dei eldste og dei yngste bergartane i Noreg. Bø har bergartar som er 3,5 milliardar år gamle, medan ein på Andøya (Ramsåfeltet) finn bergartar som er berre mellom 130 og 180 millionar år gamle.
Kjelder [endre]
- Vesterålen henta frå Bokmålswikipedia 27. mai 2005.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Vesterålen - fotogruppe på Flickr
|