André Bergdølmo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

André Bergdølmo (fødd 13. oktober 1971) er ein norsk fotballspelar fødd i Oslo. Han er forsvarsspelar og spelar for Strømsgodset. Han har også (per september 2005) spelt 63 A-landskamper for Noreg.

Bergdølmo starta fotballkarrieren i Skjetten, og gjekk derifrå til Lillestrøm i 1991, der han skapte seg eit namn som ein av ligaens mest talentfulle sidebackar. Han spelte seks sesongar på Åråsen, før han våren 1997 gjekk til Rosenborg under særs kontroversielle omstende. Bergdølmo sa at han ville leggje opp for å arbeide med andre ting, for så heilt uventa å skrive under for Rosenborg. Han debuterte på landslaget seinare same året.

Bergdølmo vann fire seriemesterskap som Rosenborg-spelar, og var i den norske troppen under EM-sluttspelet i 2000, der han spelte alle kampane til Noreg. Etter EM gjekk han til den nederlandske toppklubben Ajax. I Ajax vart han omskulert til midtstoppar (men var framleis back på landslaget), og vart nederlandsk ligameister og cupmeister i 2002. Same året fekk han Kniksenprisen, som Noregs beste fotballspelar dette året.

Sommaren 2003 gjekk Bergdølmo til den tyske klubben Borussia Dortmund, der han spelte to sesongar, før han skreiv under for FC København sommaren 2005.

Karriere som spelar[endre | endre wikiteksten]

(Sist oppdatert 8. oktober 2007)

Klubb Kampar* Mål* Periode
Noreg Skjetten ? ? ????-1990
Noreg Lillestrøm 115 9 1991-1996
Noreg Rosenborg 83 4 1997-2000
Nederland Ajax 66 6 2000-2003
Tyskland Borussia Dortmund 28 0 2003-2005
Danmark FC København 33 3 2005-2007
Noreg Strømsgodset 22 6 2007-

* Berre seriekampar.

Nettkjelde[endre | endre wikiteksten]