André Previn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk


André George Previn, fødenamn Andreas Ludwig Priwin (fødd 6. april 1929 i Berlin) er ein USA-amerikansk pianist, komponist og dirigent. Familien hans flytte til Los Angeles, USA i 1939, der han voks opp og etter kvart skifte namn og blei amerikansk statsborgar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

På 1950-talet gjorde Previn karriere som jazzpianist og spelte saman med fleire kjende artistar. I 1967 tok han over som musikalsk leiar for symfoniorkesteret i Houston. Året etter blei han for fyrste gong dirigent, for London Symphony Orchestra. Previn hadde denne stillinga fram til 1979. Frå 1976 til 1984 var han musikalsk leiar for symfoniorkesteret i Pittsburgh. Frå 1985 - 1988 var han dirigent for britiske Royal Philharmonic Orchestra. I 1985 blei han også musikalsk leiar for det filharmoniske orkesteret i oppvekstbyen Los Angeles. I 2002 overtok han som dirigent for Oslo-filharmonien etter at Mariss Jansons trekte seg. Previn dirigerte orkesteret fram til 2006.

André Previn har komponert både orkestermusikk, pianomusikk, kammermusikk og filmmusikk. Han har vunne heile 13 Oscar-prisar og eit tosifra tal Grammy-prisar, m.m.

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

André Previn har vore gift fem gonger. I kronologisk rekkefylgje har han vore gift med Betty Bennett, Dory Langan (1959-1970), Mia Farrow (1970-1979), Heather Sneddon (1979-2002) og Anne-Sophie Mutter (2002-2006). Han har minst seks born og tre adoptivborn. Eitt av adoptivborna hans er Soon-Yi Previn, kona til Woody Allen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]