Anne-Sophie Mutter
Anne-Sophie Mutter (fødd 29. juni 1963) er ein verdskjend tysk fiolinist frå Baden-Württemberg.
Biografi [endre]
Anne-Sophie Mutter fekk fiolinundervisning frå ho var berre fem år gamal, og vann ei musikktevling etter eit halvt år med fiolintimar. Etter dette hadde ho klårt for seg at ho ville utdanna seg til fiolinist. Grunna musikktalentet hennar vart ho teken bort frå vanleg skulegang og gjekk på privatskule ved sida av klaver- og fiolinundervisninga. Ho vakte oppsikt då ho 13 år gamal spelte på Festspela i Salzburg, der ho framførte Mozarts G-dur-konsert under dirigent Herbert von Karajan. Deretter vart ho invitert til å spela med Berlin Filharmoniske Orkester som hadde Karajan som dirigent på denne tida. I 1980 spelte ho for fyrste gong i Amerika med New York Filharmoniske Orkester under dirigenten Zubin Mehta.
Anne-Sophie Mutter var gift med ein advokat frå 1989 til han døydde i 1995. I 2002 gifte ho seg opp att med pianisten og dirigenten André Previn frå USA. Dei skildest i 2006.
Prisar og utmerkingar [endre]
- Forbundsrepublikken Tysklands fortenestorden
- Grammy-prisen i 1994, 1999, 2000 og 2005
- Léonie Sonnings musikpris (2001)
- Bayerischer Maximiliansorden für Wissenschaft und Kunst (2002)
- Herbert von Karajans musikkpris (2003)
- Ordre des Arts et des Lettres (2005)
- Victoires de la Musique Classique (2006)
- Ernst von Siemens' musikkpris (2008)
- Utnemnt til æresdoktor ved NTNU (2010)
- Gustav Adolf-prisen (2011)
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen byggjer på «Anne-Sophie Mutter» frå Wikipedia på engelsk, den 12. mars 2012.
- Denne artikkelen byggjer på «Anne-Sophie Mutter» frå Wikipedia på tysk, den 12. mars 2012.