Andrea Fischbacher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andrea Fischbacher


Statsborgarskap Austerrike
Fødd 14. oktober 1985 (38 år)
Schwarzach im Pongau
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 2006, Alpint under Vinter-OL 2010 – Super-G kvinner

Utmerkingar

ærestegn i gull av Ærestegnet for fortjenester, æresteikn i gull for tenester til den austerrikske republikken

Andrea Fischbacher (fødd 14. oktober 1985) er ein austerriksk tidlegare alpin skirennar frå Schwarzach im Pongau i forbundslandet Salzburg. Ho vart olympisk meister i super-g i 2010.

Fischbacher fekk sine to fyrste pallplasseringar i verdscupen i alpine greiner i desember 2005, begge i super-g-øvinga. Ho vann sin fyrste verdscupsiger i Sestriere 10. februar 2008, også det i super-g. Året etter vann ho bronsemedaljen i same øvinga under VM i alpine greiner 2009 i franske Val-d'Isère. Seinare i 2009 oppnådde ho sin fyrste verdscuptriumf i eit utforrenn, i Bansko i Bulgaria.

Høgdepunktet for Fischbacher kom under dei olympiske leikane 2010 i Vancouver. I dei alpine løypene i Whistler Mountain rann ho ned til ein suveren gullmedalje i super-g, nesten eit halvt sekund framom Tina Maze frå Slovenia. Etter OL-sesongen 2010 makta Fischbacher ikkje lenger å kome på pallen i verdscupen, før ho sensasjonelt steig heilt til topps etter utforrennet i Crans-Montana 2. mars 2014.

Perioden 2005-14 oppnådde Fischbacher 10 pallplasseringar (3-5-2) i verdscupen, seks av dei super-g, tre i utfor og ei i storslalåm. Ho vart aldri austerriksk meister, medaljesamlinga frå 2005-11 bestod av fire sølv og to bronsar.

Fischbacher la opp i 2015.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]