Ane Farsethås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ane Farsethås
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. desember 1973 (50 år)
Oslo
Yrke skribent, litteraturkritikar

Ane Farsethås (fødd 21. desember 1973 i Oslo) er ein norsk litteraturkritikar og skribent, mest kjend som bokmeldar i Dagens Næringsliv.

Farsethås er utdanna cand. philol. Ho var redaksjonsmedlem i litteraturtidsskriftet Vinduet 1999–2000 og har skrive i mellom anna Morgenbladet og kommentert litteratur for NRK P2. Sidan 2002 har ho vore fast bokmeldar og kommentator i Dagens Næringsliv.

Saman med Øyvor Dalan Vik har ho skrive Essensielt, litteraturens og filmens klassikere (2005).

I 2004 kåra Norsk kritikerlag ho til Årets litteraturkritikar, og same år vart ho kåra til Nordens beste kritikar av tidsskriftet Nordisk Litteratur.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]