Johan Harstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Johan Harstad

Johan Harstad (fødd 10. februar 1979) er ein norsk forfattar. Harstad voks opp i Stavanger. Han bur i Oslo.

Harstad debuterte i 2001 med kortprosasamlinga Herfra blir du bare eldre, og gav året etter ut med novellesamlinga Ambulanse. Første romanen hans, Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?, kom ut i 2005 og blei omsett til ei rekkje språk.[1]

Harstad har også hatt tekstar på trykk i Gyldendal sin debutantantologi Postboks 6860. Han har òg skrive fleire teaterstykke, mellom anna monodramaet «Grader av hvitt» (bestillingsverk frå musikar Nils Henrik Asheim og Stavanger symfoniorkester) som hadde premiere januar 2007 og einakteren «Washingtin» (bestillingsverk for Trøndelag Teater) som hadde urpremiere i februar 2007.

Når Harstad ikkje skriv, arbeider han mellom anna med prosjektet/kollektivet LACKTR, som produserer grafisk formgjeving, lyd, film, foto, t-skjorter og tekst som ikkje vert utgjeve via Gyldendal Norsk forlag. LACKTR stod mellom anna bak cd-utgjevinga Bring out your life vests» i 2005, som fylgde med dei 1000 første eksemplara av romanen Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?. I tillegg kan nemnast PradaDADA, eit tekst/lydprosjekt drive av Harstad, John Erik Riley, Bjørn Erik Haugen og Lasse Marhaug. Dei hadde den første konserten sin under kammermusikkfestivalen i Trondheim 2005.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Herfra blir du bare eldre – prosa – 2001
  • Ambulanse – novellesamling – 2002
  • Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? – roman – 2005
  • Hässelby – roman – 2007
  • Darlah – roman – 2008
  • Bsider – prosa og skodespel – 2008
  • Osv. – skodespel – 2010

Skodespel

  • Grader av hvitt – 2007
  • Washingtin – 2007
  • Krasnoyarsk – 2008
  • Brødmannens memoarer del 1: Akapulco – 2007
  • Brødmannens memoarer del 2: Ellis Iland – 2009
  • Osv. – 2010
  • Motorpsycho: Blizzard – 2012

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gyldendal.no, vitja 5. mai 2009, oppgjev utgjevingar i Sverige, Danmark, Finland, Nederland, USA, Australia, Tyskland, Færøyene, Italia, Russland og Frankrike.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]