Morgenbladet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Framside 2. januar 1820

Morgenbladet er ei avis som kjem ut i Oslo kvar fredag. Ho har eit stadfesta nettoopplag på 15 720.[1] Ansvarleg redaktør og administrerande direktør er Alf van der Hagen.

Avisa har som mål å vere ei ubunden røyst i den offentlege debatten og konsentrerer seg hovudsakleg rundt temaa kultur, media, politikk, kunst og litteratur. Tidlegare var avisa ei konservativ avis.

Dei viktigaste eigarane i Morgenbladet er Forlagskonsult, Fritt Ord og Dagsavisen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Boktrykkar Niels Wulfsberg stod bak den første utgåva av Morgenbladet, som kom ut 1. januar 1819. Ingen norske dagsaviser er eldre. Avisa kom med undertittelen «En daglig Avis af alle Slags Indhold» og vart trykka av det Wulfbergske Boktrykkeri under faktor Rasmus Hviid.

Morgenbladets første format var 20 x 20 cm, mindre enn dagens A4-format. Sidetalet var fire. Dette formatet heldt avisa på i 17 år.

Wulfsberg utgav til tross for at enkelte krefter meinte at ein hadde nok aviser i landet. Morgenbladet utkom samtidig med aviser som Nationalbladet, Drammens Tidende, Budstikken og Rigstidende.

Utover 1820-talet vart Morgenbladet sett på som ei av dei viktigaste avisene i Noreg.

Adolf Bredo Stabell[endre | endre wikiteksten]

Morgenbladet fekk i 1831 med Adolf Bredo Stabell, som første norske avis, ein redaktør som førte ei langsiktig politisk line. Med inspirasjon fra utlandet innførte Stabell leiarartikelen. Gjennom sitt politiske ståsted og uahenighetsideal i Morgenbladet vart Stabell ein av dei fremste bidragsytarane til utforminga av den norske redaktørrollen.

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

Carl Joachim Hambro d.e. var Morgenbladets redaktør under og etter den første verdskrigen.

Avisa vart under den andre verdskrigen stoppa av den tyske okkupasjonsmakta i april 1943. Redaktørane Olaf Gjerløw og Fredrik Ramm vart sende i tysk fangenskap.

Etter krigen gjekk det stadig nedover med Morgenbladet.

I perioden 1963 til 1982 var Chr. Christensen (C.C.) redaktør i avisa.

Ein periode på 1980-talet vart avisa utjeven av Hroar Hansen, som også stod bak Søndag Søndag. I denne perioden var Hans Geelmuyden redaktør. Etter ei tid trekte likevel Geelmuyden og det meste av redaksjonen seg etter fleire konfliktar med Hansen.

I 1993 kjøpte Truls Lie avisa, som vart omgjort til ei vekeavis.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]

Artikkeln byggjer på ei omsetjing frå bokmålswikipediaen.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  1. Bastiansen, Henrik G. og Dahl, Hans Fredrik : Norsk Mediehistorie – Universitetsforlaget – ISBN 82-15-00325-7

På nettet:[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Avisenes leser- og opplagstall for 2006» frå Mediebedriftenes Landsforening, publisert 12. februar 2007