Anette Sagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anette Sagen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. januar 1985 (39 år)
Mosjøen
Idrett skihopping

Anette Sagen (fødd 10. januar 1985) er ein norsk skihoppar frå Hellfjellbygda i Vefsn. Som ein av dei beste kvinnelege skihopparane i verda, har ho vore ein forkjempar for kvinneleg skihopping som idrettsgrein. Ho representerer skiklubben Remma IL. Under Ski-VM 2009 vann ho bronsemedalje i normalbakke.

Anette Sagen begynte som skihoppar gjennom samarbeidsorganisasjonen Vefsnhopp.

I 2004 vart ho nekta å hoppe i Vikersund, ei sak som fekk mykje merksemd i media. Striden stod om kvinner i det heile teke er skikka til å hoppe i så store bakkar, sjølv om mange av kvinnene slo fleire menn. Torbjørn Yggeseth, formann i hoppkomiteen i det internasjonale skiforbundet, fronta vedtaket om å nekte jentene å hoppe i bakken. Til slutt enda det likevel med at jentene fekk hoppe i Vikersund[1], og 5. mars 2004 hoppa Sagen 174,5 meter – det lengste ei norsk kvinne har hoppa på ski.[2] Berre austerrikske Daniela Iraschko har hoppa lengre enn Sagen.

3. mars 2010 fekk ho æra av å gjere det første offisielle hoppet i den nye Holmenkollen.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

Ski-VM

  • Bronsemedalje, normalbakke K90 under Verdsmeisterskapen i Liberec, 2009
  • Vinnar av FIS Ladies Grand Prix (tilsvarande Hoppveka for menn) 2003, 2004, 2006 og 2008
  • Vinnar av Continental Cup Ladies (tilsvarande verdscupen for menn) 2004/2005, 2005/2006, 2006/2007, 2007/2008, 2008/2009
  • 42 enkeltsigrar i Continental Cup Ladies (pr. desember 2009)
  • Noregsmeister åtte gonger

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Anette Sagen får hoppe i Vikersund, Nettavisen 3.3.2004
  2. Sagen hoppa 174,5 meter, Aftenposten 6.3.2004

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]