Mosjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mosjøen
Sjøgata i Mosjøen
Sjøgata i Mosjøen
Geografi
Kommune Vefsn
Fylke Nordland
Folkemengd[1] 9 580 (2012)
Folketettleik 1 496,9 /km²
Areal[1] 6,4 km²
Annan informasjon
Ferdselsårer Stamvei E6.svg  78
Nordlandsbanen
Postnummer 8651 – 8665 MOSJØEN
Kart
Mosjøen is located in Nordland
65°50′18″N 13°12′13″EKoordinatar: 65°50′18″N 13°12′13″E

Mosjøen er ein by i Vefsn kommune i Nordland. Byen vart til på 1700-talet og har vakse sidan, men staden, som ligg i enden av Vefsnfjorden, er i alle tider vore ein møtestad for folk i landsdelen. Byen er den eldste på Helgeland og den nest eldste i Nordland.

Mosjøen

Historie[endre | endre wikiteksten]

1. januar 1875 vart Mosjøen ladestad. 1. januar 1876 fekk Mosjøen bystatus og vart då skilt ut frå Vefsn kommune som eigen bykommune. På grunn av bystatusen fekk byen tidleg ein reguleringsplan for byutvikling, og bygatene vart forma som eit rettvinkla rutenett. Slik er det framleis i dag.

Byen fekk sin første industri på midten av 1800-talet. Det var for det meste skoghogst, tømmerfløyting og dampdrive sagbruk. Då meir moderne industrialisering kom hundre år etterpå, fekk byen meir industri: aluminiumsverk og veveri. Utanom industri og handel, som er den viktigaste næringsvegen, er der vasskraft og forholdsvis lite jordbruk, skogbruk og fiske.

Industrialiseringa og handelen førte med seg direkte kontakt med utlandet, spesielt frå England, sidan sagbruket på Halsøya hadde engelske eigarar. Engelskmenner bringa både språk, kultur og ikkje minst kles- og byggestil til byen. Der finst framleis restar etter engelsktida. I tillegg kom samar, svenskar og austlendingar. Byen vart eit slags Klondyke.

Byen har mange lemningar frå gammal tid og mange hus og bygningar har halde seg godt. Byen har den eldste trehusbusetnaden i Nord-Noreg; i Sjøgata ligg trehus og -bryggjer frå 1800-talet langs elva Vefsna. Resten av byplata har ein planmessig kvadratur. Særprega er Dolstad kyrkje, ei åttekanta trekyrkje frå 1735 og Fru Hagans Hotel med røter frå 1794, det eldste hotellet i Nord-Noreg. Elles finst der andre typar bygningar, mellom anna hus i hellensk stil med søyler, funkishus og såkalla moderne arkitektur.

1. januar 1962 fall Mosjøen bykommune tilbake til Vefsn kommune og i 1963 vart to kommunar i nord lagde inn under Vefsn kommune.

Bygrenser[endre | endre wikiteksten]

Ladestaden Mosjøen fekk grensene fastsett ved kongeleg resolusjon 24. november 1874.[2] I vest grensa byen mot Vefsna, i aust og nord mot Skjerva, mens sørgrensa følgde noverande Mathias Bruns gate. Byområdet omfatta 0,85 km².[3] I 1939 vart halve Dolstad prestegard, med jernbanestasjonen, kaiet og det som seinare vart kalla Åsbyen, overført frå Vefsn kommune til bykommunen, slik at han kom til å omfatte eit areal på 2,5 km².[4]

Etter at Mosjøen gjekk inn i Vefsn kommune frå 1. januar 1962, har dei gamle grensene vore utan formell betydning. Nye bustadfelt er bygde i Kulstadlia, på Breimoen, på Halsøya og i Halsåsen nord for byen, på Nyrud, Kippermoen og Olderskog sør i byen og på Skjervengan aust for byen. Den nyaste utbygginga har funne stad på Andås i lia søraust for Mosjøen.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Byen er eit kommunikasjonsknutepunkt, med fly, tog, buss og ferje, i tillegg til E6.

Skolar og kultur[endre | endre wikiteksten]

Byen har mellom anna ei større vidaregående skole med tre studiestader, ei folkehøgskole og dessutan eit folkeuniversitet. Kommunalt bibliotek med mykje lokallitteratur.

Mosjøen har eit rikt kulturliv, særleg innanfor musikk og kunsthandverk. Der er mange kafear og restaurantar av ymse slag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.
  2. Vefsn bygdebok b. II s. 301
  3. Vefsn bygdebok b. III s. 174
  4. *Kjell Jakcobsen: Vefsn bygdebok b. III (1977)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]