Ludwig van Beethoven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ludwig van Beethoven
Beethoven.jpg
Ludwig van Beethoven (17701827) (Måleri: J.K. Stieler (1820))
Fødd 16. desember 1770, Bonn i Tyskland
Død 26. mars 1827 (56 år), Wien i Austerrike
Periode Klassisismen og romantikken
Sjanger Symfoni, klavermusikk, vokalmusikk, kormusikk, kammermusikk, orkester, concerto
Yrke Komponist

Ludwig van Beethoven (16. desember 177026. mars 1827) var ein tysk komponist i overgangen mellom klassisismen og romantikken. Han er særleg kjend for dei ni symfoniane og klaversonatane sine, men òg mellom anna for dei seine strykekvartettane, som ofte går under kallenamnet «Dei galne strykekvartettane». Beethoven blir rekna som ein av dei aller største komponistane i den europeiske klassiske musikktradisjonen gjennom tidene.

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Beethoven vart født i Bonn i fyrsterkebispedømet Köln (Kurköln) i Tyskland, i ei slekt som opphavleg kom frå Flandern. Bestefaren hans hadde flytta til Bonn i 1733, der han var hoffkapellmeister. Den unge Ludwig fekk den første musikalske undervisinga si av den drikkfeldige faren sin Johann, som var tenorsongar i hoffkapellet, men han fekk sparken i 1789 på grunn av alkoholmisbruk.

Faren la tidleg merke til dei store musikalske talenta til guten, og fekk idéen om å drive han fram som vedunderbarn etter mønster av Wolfgang Amadeus Mozart for at familien skulle tene sårt trengde pengar. Fire år gammal fekk Beethoven undervising i fiolin- og klaverspel, men denne opplæringa skal ha vore både uryddig og mangelfull.

Seinare fekk han undervising av ein ven og kollega av faren, Tobias Friedrich Pfeiffer. Han var ein dugeleg musikar, men òg drikkfeldig, og undervisinga vart like skral som før. Sidan var han elev av den gamle venen til bestefaren, hofforganist van der Eeden, og så av etterfølgjaren hans Christian Neefe, som vart ein faderleg ven for Beethoven. I 1792 busette han seg i Wien og vart elev under Joseph Haydn.

Musikalsk modning[endre | endre wikiteksten]

Mellom 1798 og 1802 gjekk Beethoven endeleg laus på det han rekna som den store utfordringa: strykekvartetten og symfonien. Med komposisjonen av dei første seks strykekvartettane (Op. 18) mellom 1798 og 1800 (skrivne på oppdrag for og dedisert til prins Lobkovitz), utgjeve i 1801, saman med premierane av den første og andre symfonien i 1800 og 1802, var Beethoven rekna som ein av dei viktigaste komponistane i den unge generasjonen som følgde etter Haydn og Mozart. Han fortsette å skrive i andre sjangrar, som den kjende pianosonaten Pathétique (Op. 13). Han fullførde òg septetten (Op. 20) i 1799, som var ein av dei mest populære verka i levetida til Beethoven.

Då den første symfonien hans hadde premiere, hyrte Beethoven Burgteateret den 2. april 1800, og arrangerte eit omfattande musikkprogram, inkludert verk av Haydn og Mozart, og septetten, den første symfonien og ein av pianokonsertane (alle verka var tidlegare ikkje gjevne ut). Allgemeine musikalische Zeiting skildra konserten som 'den mest interessante på lang tid'. Han vart ikkje framført utan vanskar. Blant andre kritikkar heitte det at 'utøvarane ikkje brydde seg med å vere oppmerksam på soloisten'.

Sjølv om Mozart og Haydn klårt inspirerte Beethoven (til dømes vert Beethoven sin kvintett for piano og blåsarar sagt å ha store likskapar med Mozart sitt verk med same besetning). Komponisten Muzio Clementi hadde òg påverknad stilistisk. Beethoven sine melodiar, den musikalske utviklinga, bruk av modulasjon og tekstur og karakterisering av kjensle skilde han frå påverknadene sine, og førde til at nokre av dei tidlegare verka hans fekk meir innverknad. Ved slutten av året 1800 var Beethoven og musikken hans mykje etterspurt av vernarar og utgjevarar.

Helseplager og familieproblem[endre | endre wikiteksten]

Han var heile livet plaga av dårleg helse, og den sviktande høyrsla hans som følgje av ein sjukdom skapte i tillegg store depresjonar. Det at høyrsla byrja å svikte allereie då han var rundt 28 år bidrog til dette og han hadde gjennom heile livet eit vanskeleg sinne og ein del sære sider og han kom ofte i konflikt med familien. Men han hadde samstundes eit knippe trufaste vener som lojalt heldt seg til han heile livet. Han gifta seg aldri, men det synest likevel som om han har hatt ein del ulykkelege kjærleiksforhold, blant anna til grevinne Gihlietta Guicciardi og grevinne Josephine von Brunsvik, kvinner frå høgare sosiale lag som ikkje kunne gifte seg med ein som ikkje var adeleg. Denne delen av det private livet hans er likevel lite dokumentert og framstår som noko spekulativ i mykje av litteraturen omkring han.

Høyrsleproblema vart stadige vondare og i 1818 var han vorte heilt døv. Dette gjekk hardt inn på han og han vurderte sjølvmord. Han fortsette likevel, imponerande nok, å komponere og sinnsstemninga og frustrasjonen hans kan ha gjort verka meir kraftfulle.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Ludwig van Beethoven sine tidlegare verk tilhøyrar wienerklassisismen og har store likskapar med komposisjonane til Mozart og Haydn. Dei seinare arbeida hans kan seiast å vere ein overgang mellom wienerklassisismen og romantikken. Slik har han komponert musikk innan fleire sjangrar og musikken hans er ei sterk skildring av maskuline kjensler.

I 1803 eller 1804 byrja han å gje undervising til Rudolf von Habsburg-Lothringen, dei to vart etter kvart nære vener og sonen til keisaren vart ein av velgjerarane til Beethoven.

Beethoven var ikkje berre komponist; han var òg ein dugande pianovirtuos. Komposisjonane hans vitnar om stor fingerferdigheit og han skal ha sagt om tredje satsen i sin pianosonate nr 14, den såkalla «Måneskinnssonaten», at ingen nokosinne vil kome til å kunne spele han skikkeleg.

Musikken til Beethoven til Schillers dikt «an die Freude» («Ode til gleda», frå den 9. symfonien) vart i 2004 nytta som nasjonalhymnen til EU.

Personlegdom[endre | endre wikiteksten]

Det personlege livet til Beethoven var vanskeleg sidan han gradvis mista høyrsla, noko som fekk han til å områ sjølvmord (dokumentert i Heiligenstadttestamentet). Beethoven var ofte hissig, og kan ha lide av bipolar liding og irritabilitet skulda kroniske underlivssmerter (som byrja i 20-årsalderen), som han kan ha pådrege seg gjennom blyforgifting. Utanom dette hadde han ein nær og trufast venekrins heile livet, som kan ha følt seg tiltrekt på grunn av den sterke personlegdomen hans. Mot slutten av livet konkurrerte venene seg om å hjelpe han å takle uføra.

Kjelder viser at Beethoven hadde forakt for autoritet og sosial rang. Han avbraut pianospelinga viss publikum snakka med kvarandre eller unnlet å gje han den største merksemda. Ved soaréar unnlet han å opptre viss ikkje han umiddelbart vart kalla opp. Etter mange konfrontasjonar påla erkehertug Rudolf at dei vanlege reglane for hoffetikette ikkje gjaldt for Beethoven.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå musikkverk av Ludwig van Beethoven.

Beethoven vert rekna som ein av gigantane i klassisk musikk og vert ofte omtalt som ein av de tre B'ane i lag med Bach og Brahms. Han var særs viktig i overgangen mellom klassisismen på 1700-talet og romantikken på 1800-talet, og han hadde stor innverknad på dei påfølgjande generasjonane av komponistar.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Beethoven komponerte innan fleire forskjellige sjangrar og for mange instrumentkombinasjonar. Verka hans for symfoniorkester omfattar dei ni symfoniane hans (den niande inkluderte eit kor) og eit dusi stykke med «høvesmusikk». Han skreiv sju konsertar for ein eller fleire solistar og orkester, samt fire kortare verk som omfatta solistar i lag med orkester. Den einaste operaen hans er Fidelio. Andre vokale verk akkompagnert av orkester var mellom anna to messer og fleire kortare verk.

Dei mange komposisjonane hans for piano omfattar 32 pianosonatar og fleire kortare stykke, inkludert arrangement av somme av hans tidlegare verk. Verk med pianoakkompagnement omfattar 10 fiolinsonatar, fem cellosonatar, og ein sonate for valthorn, samt fleire lieder.

Beethoven skreiv òg mykje kammermusikk. I tillegg til 16 strykekvartettar, sju for pianotrio, fem for stryketrio og meir enn eit dusin verk for forskjellige kombinasjonar av treblåseinstrument.

Dei tre periodane[endre | endre wikiteksten]

Für Elise

Karrieren til Beethoven vert vanlegvis delt inn i ein tidleg, ein midtre og sein periode. Den tidlege perioden fann stad fram til kring 1802, den midtre perioden frå om lag 1803 til 1814 og den seine periodne etter kring 1815.

I den tidlege perioden var vekra til Beethoven sterkt påverka av føregjengarane Haydn og Mozart. Han utforska òg nye retningar og utvida gradvis horisonten sin og ambisjonane for verka sine. Somme viktige stykke frå den tidleg perioden er den første og andre symfonien, seks strykekvartettar Opus 18, dei første to pianokonsertane, og det første dusniet pianosonatar, inkludert den kjende Pathétiquesonaten, Op. 13.

Den midtre perioden starta kort tid etter Beethoven vart døv og omfattar storeskala verk som uttrykker heroisme og kamp. Av verk i den midtre perioden finn ein seks symfoniar (nr. 3-8), dei siste tre pianokonsertane, Trippelkonserten og fiolinkonsert, fem strykekvartettar (nr. 7–11), fleire pianosonatar (inkludert Måneskinssonaten, Waldsteinsonaten og Appassionatasonaten), Kreutzersonaten for fiolin og den einaste operaen til Beethoven, Fidelio.

Den seine perioden til Beethoven starta kring 1815. Verk frå denne perioden er karakterisert med ei intellektuell djupne, formelle nyvinningar og det intense, særs personlege uttrykket. Strykekvartett, Op. 131 har sju samanhengande satsar, og den niande symfonien med kor i den siste satsen. Andre komposisjonar frå denne perioden er mellom anna Missa Solemnis, dei siste fem strykekvartettane (inkludert den massive Große Fuge) og dei siste fem pianosonatane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Ludwig van Beethoven
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ludwig van Beethoven