Anthony Quinn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anthony Quinn i 1988.

Anthony Quinn (21. april 19153. juni 2001) var ein meksikansk-fødd USA-amerikansk skodespelar, fødd Antonio Rudolfo Oaxaca Quinn. Quinn har vunne to oscarprisar, begge for beste mannlege birolle. Eine var for roll som Eufemio i filmen Viva Zapata! og andre var for Paul Gauguin i filmen Han som elsket Livet (Lust for Life). Quinn er også kjend for roll som tittelfiguren i Zorba the Greek (1964). Anthony Quinn har også fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

Quinn i Viva Zapata.

Quinn var fødd i byen Chihuahua i den mexicanske delstaten Chihuahua under den mexicanske revolusjonen. Mor hans, Manuela Oaxaca, var av aztekaravstamming, medan faren Francisco Quinn var halvt irsk og hadde kjempa for revolusjonsleiaren Pancho Villa. Familien flytta seinare til USA der dei først budde i El Paso i Texas og seinare Los Angeles i California. Anthony Quinn blei ameirkansk statsborgar i 1947.

Quinn arbeidde først som profesjonell boksar før han studerte kunst og arkitektur under Frank Lloyd Wright. Anthony Quinn spelte ei tid på teater, mellom anna i skodespelet Clean Beds sett opp av Mae West, og etter at han var blitt kjend gjennom film også på Broadway. Han filmdebuterte i Parole i 1936. Deretter spelte han ei rekkje «etniske» roller, mellom anna hawaiisk høvding, filippinsk fridomskjempar, kinesisk geriljasoldat og arabisk sjeik.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]