Antoine Lavoisier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Antoine Lavoisier

Antoine Laurent Lavoisier (26. august 17438. mai 1794) var ein fransk adelsmann, ofte kalla far til den moderne kjemien, som har ein framståande plass i historia til kjemien og biologien. Lavoisier var med på å skape det metriske systemet, og samanfatte den fyrste utvida lista over grunnstoff, dessutan ytte han sitt i å reformere terminologien innan kjemien. Han namngav både oksygen, i 1778, og hydrogen, i 1783, og peika på at det då ukjende stoffet silisium måtte finnast i 1787. Han var også den fyrste som godtgjorde at svovel var eit stoff (1777), meir enn eit kjemisk blandingsmateriale. Han oppdaga at trass i at materien kan endre form, så er massen alltid den same.

Lavoisier var ein administrator av skatteomsynet Ferme Générale og ein mektig medlem i mange andre aristokratiske forsamlingar. Desse politiske og økonomiske stillingane sette han i stand til å koste dei vitskaplege undersøkingane hans. Medan den franske revolusjonen var på sitt mest hektiske, skulda Jean-Paul Marat han for å selje forfalska tobakk og andre misgjerningar, og Lavoisier vart til sist giljotinert eitt år etter Marat døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Antoine Lavoisier
Wikisource

Originaltekst av Antoine Lavoisier ved Wikisource (fr).