Antonio Caldara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Antonio Caldara
Antonio Caldara.jpg
Antonio Caldara
Fødd 1670, Venezia i Italia
Død 28. desember 1736 (66 år), Wien i Austerrike
Instrument Cello
Periode Barokken
Aktive år 1693-1735
Yrke Komponist

Antonio Caldara (fødd 1670 i Venezia, død 28. desember 1736 i Wien) var ein italiensk cellist og komponist. Han høyrte til den venetianske seinbarokken.

Caldara fekk den musikalske utdanninga si Giovatni Legrenzi i Venezia. Rundt 1716 vart han utnemnt til første visekapellmeister under Johann Joseph Fux ved det austerrikske hoffkapellet i Wien. Han skapte seg eit namn med sine over 3400 verk, mellom anna meir enn 80 operaer, 43 oratorium, 150 messer, serenadar, kantater og sinfoniaer. Musikken hans utmerker seg med ein stor melodirikdom.

Keisar Karl VI. dirigerte sjølv nokre av operaene til visekapellmeisteren sin. Musikken var ei god blanding av italienske og tysk-austerrikske element og vart godt mottekne i Wien.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Op.1: 12 Suonate a tre (triosonatar). Venezia 1693
  • Op.2: 11 Suonate da camera a tre og ein chaconne. Venezia 1699
  • Talrike Sonate da camera a fiolino e violoncello (berre bevart i manuskriptform, komponert før 1710)
  • Fleire upubliserte solo- og triosonatar frå tida i Wien.
  • 17 cellosonatar og ein cellokonsert tileigna grev Schönborn (1735)
  • Fleire konsertante sinfoniaer
  • Sirita (opera)
  • Attalanta ovvero la costanza in amor., Braunschweig 1698
  • Weihnachtskantate for solostemmer og kammerorkester

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Notar