Serenade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Serenade av Judith Leyster.

Serenade (it. sereno roleg, al sereno under ein klår himmel, i det fri; òg sera aften) var opphavleg ein kveldssong sungen til ære for nokon. Frå wienerklassisismen vart omgrepet nytta om eit underhaldande instrumentalstykke med mange satsar.

Tidleg form[endre | endre wikiteksten]

I starten var det ein komposisjon for ei elskar eller ei elskarinne, ven eller ein annan person ein ønskte å gjere kur på, ofte om kvelden og gjerne under eit vindauge. Musikken hadde ingen fastlagt form, men det typiske var at songaren akkompagnerte seg sjølv på eit berbart instrument, som ein lutt, gitar, trekkspel eller liknande. Òg seinare vart det laga musikk av denne typen, men då gjerne i ein samanheng som gjev assosiasjonar til eldre tider, som til dømes ariar i ein opera (eit kjent døme finst i Mozarts opera Don Giovanni).

Serenata i barokken[endre | endre wikiteksten]

I barokken brukte ein oftast omgrepet serenata fordi forma var vanlegast i Italia. Dette var ei form for kantate som vart utført utandørs på kveldstid av blanda ensembel med vokalister og instrumentalistar. Døme på komponistar er Alessandro Stradella, Alessandro Scarlatti, Johann Joseph Fux, Johann Mattheson og Antonio Caldara. Barokke serenataer var stort sett i stort format og med få sceniske verkemiddel, ein mellomting mellom kantate og opera. Hovudskilnaden mellom ein kantate og ein serenata rundt år 1700 vert av nokre skildra som at ein serenata vart framført utandørs og derfor kunne ta i bruk instrument som ville verte for støyande i små rom, som trompetar, horn og trommer.

Utviklinga av den klassiske og romantiske serenaden[endre | endre wikiteksten]

I dei tidlege serenadane i klassisismen (til dømes av Haydn, Mozart og Salieri) nytta ein gjerne blåsarar, til dømes oboar, fagottar, horn og klarinettar, instrument som passa til utandørs musisering. Etterkvart som serenaden gjorde sitt inntog i konsertsalen vart fleire og fleire strykarar lagt til for å oppnå eit meir orkestralt klangbilete.

Karakteristisk for tidlege klassiske serenadar var at alle instrumenta vart brukt konserterande, det vil seie at ein streva etter ei likevekt mellom alle deltakande instrument. Seinare i klassisismen og i romantikken finn ein ikkje dette kjenneteiknet lengre.

Serenadar for reine blåsarar[endre | endre wikiteksten]

  • Antonín Dvořák (op. 44)
  • Joseph Haydn
  • Wolfgang Amadeus Mozart (til dømes Nacht Musique c-moll KV 388)
  • Antonio Salieri (mellom anna Armonia per un tempio della notte Ess-dur)

Kjente serenadar for strykeorkester[endre | endre wikiteksten]

Serenadar for fullt orkester[endre | endre wikiteksten]

Berre to typiske kjenneteikn ved den tidlege klassiske serenaden vart teke med i den seinare varianten: han har oftast fleire satsar enn sonaten, og desse satsane er meir minimalistiske med omsyn på utføring - og derfor stort sett halde i ei lettare og friare form enn symfoniar og suitar. Vanlegvis har serenadar fleire menuett-aktige satsar og ein eller to langsame kjernesatsar. Opphavleg var opnings- og avslutningssatsane marsjar.

Motsats[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]