Apache av The Shadows

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Apache»
Singel av The Shadows
B-side «Quatermasster's Stores»
Utgjeve Juli 1960
Innspelt 17. juni 1960, Abbey Road Studios i London
Sjanger Rock, Instrumental
Selskap Columbia DB4484
Låtskrivar(ar) Jerry Lordan
Produsent Norrie Paramor
The Shadows-kronologi
«Saturday Dance»
(1959)
«Apache» «Man of Mystery»
(1960)

«Apache» er ein instrumental skriven av Jerry Lordan. Han vart først spelt inn av den britiske gruppa The Shadows i juni 1960 og kom ut på singel månaden etter. Songen toppa den britiske singellista i fem veker. I mars 2005 vart songen plassert på 96. plass i lista til musikkmagasinet Q over dei 100 beste gitarsongane gjennom tidene.

I Nord-Amerika er originalutgåva til The Shadows stort sett ukjend, og songen er knytt til Jørgen Ingmann, ein jazzgitarist frå Danmark. I 1961 spelte Ingmann ei utgåve av songen som «Jørgen Ingmann and His Guitar», som klatra heilt til andre plass på Billboard Hot 100 i USA og til førsteplassen i Canada.

I 1973 gav the Incredible Bongo Band ut ei utgåve av songen som har fått særs stor innverknad på hip-hop og andre musikksjangrar.[1] Sjølv om denne utgåva ikkje vart ein hit då han kom ut, har dei lange instrumentale partia med berre perkusjon vorte sampla om att og om att i hip-hop, rap og dance-songar frå 1980-åra og framover.

Originalutgåva[endre | endre wikiteksten]

Jerry Lordan kom opp med melodien i songen, og han var inspirert av den amerikanske westernfilmen Apache frå 1954 då han skreiv songen.

Den aller første innspelinga av gjort av den britiske gitaristen Bert Weedon tidleg i 1960. Denne utgåva kom først ut etter The Shadows hadde spelt inn si utgåve. I midten av 1960 var The Shadows på turne med Lordan, og bandet oppdaga «Apache» då Lordan spelte han på ein ukelele.

Innspelinga vart gjort i Abbey Road Studio i London. Songar og gitarist Joe Brown hadde kjøpt eit italiensk ekkorom for gitar. Han likte det ikkje og gav det til Hank Marvin. Marvin utvikla ein ny lyd med effekten der han nytta kraftig vibrato med tremoloarmen på hans Fender Stratocaster. Bruce Welch lånte ein akustisk Gibson J200 frå Cliff Richard. Denne stilen, medn kraftig bass av Jet Harris, skapte ein heilt ny stil. Perkusjon var av Tony Meehan (trommer) og Cliff Richard, som spelte ei kinesisk trommer i starten og slutten.

Plateprodusent Norrie Paramor ønskte heller baksida som A-side, ein instrumental av «The Quartermaster's Stores», men endra meining etter at dottera hans heller likte «Apache». Songen er trekt fram som inspirasjonskjelde for ein heil generasjon av gitaristar som kom etter og er ein av dei viktigaste britiske rockesongane i tida før The Beatles.

Incredible Bongo Band (1973)[endre | endre wikiteksten]

«Apache» har vorte trekt fram av Afrika Bambaataa som ein av dei tidlegaste spora av hip-hop. Utgåva han omtalte var innspelinga til Michael Viner og bandet hans Incredible Bongo Band. Dei la på ei bongotromme i introduksjonen og meir perkusjon. Utgåva vart ikkje ein hitt då han kom ut,m en mange rapparar og hip-hop-artistar sampla songen, mellom andre Sugarhill Gang, L.L. Cool J, The Roots og Nas. I tillegg har samplingar frå denne utgåva vorte nytta med forskjellige tempo av technoartistar som Future Sound of London og Moby, samt drum and bass-artistane J. Majik og Goldie.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Michaelangelo Matos, Abstract: All Roads Lead to ‘Apache’, Pop Conference, Experience Music Project 2005.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]