Jørgen Ingmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jørgen Ingmann

Jørgen Ingmann i 1963.
Fødd26. april 1925
FødestadKøbenhavn
Død21. mars 2015 (89 år)
DødsstadHolte
OpphavKongeriket Danmark
Aktiv1944–1984
Sjangerjazz
Instrumentgitar, vokal
PlateselskapAtco Records
Verka sommusikar, songar, gitarist, jazzgitarist, utøvar
Gift medGrethe Ingmann

Jørgen Ingmann (26. april 192521. mars 2015[1]) var ein dansk gitarist. Han starta som jazzmusikar og spelte hos Svend Asmussen i 1940-åra. Saman med kona si frå 1956 til 1975, Grethe Ingmann, vann han Eurovision Song Contest i 1963 med songen «Dansevise».[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Som den mellomste av tre søner til ein jarnbanearbeidar byrja Ingmann å spele fiolin då han var ti år gammal. Etter at han var ferdig på skulen, byrja han på ei utdanning innan trykkeribransjen. Han sparte ein del av det han tente for å kjøpe sin fyrste gitar. Seinare forlét han den trygge jobben og blei med i orkestra til Roger Henrichsen og Bertrand Bech. Under andre verdskrigen byrja han eit samarbeid med Svend Asmussen, ein av dei mest kjende jazzmusikarane i Skandinavia på den tida.[3]

På denne tida blei Ingmann kjend med songaren Grethe Clemmensen, som han gifta seg med i 1956. I slutten av 1950-åra opptredde han fyrst med Jørgen Ingmann-kvartetten og seinare med kona si.

I slutten av 1950-åra endra han artistnamnet sitt til Jørgen Ingmann and his guitar. Under dette namnet spelte han inn «Apache» i 1961, som blei nummer fire på hitlistene i Canada og nummer to i USA. Hans eigen versjon av Silvana Mangano sin «Anna» gav han moderat suksess på listene i USA.

I 1975 blei Jørgen og kona Grethe skilt, men i slutten av 1980-åra fann dei saman igjen, før ho døydde i 1990.

Ingmann trekte seg tilbake som utøvande musikar i 1984.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «MGP-vinner Jørgen Ingmann er død». VG Nett (på norsk). 22. mars 2015. Henta 8. juli 2018. 
  2. «Eurovision winner Jørgen Ingmann died». eurovision.tv. EBU. 3. september 2015. Henta 8. juli 2018. 
  3. «Jørgen Ingmann | Gyldendal - Den Store Danske». denstoredanske.dk (på dansk). Henta 8. juli 2018. 
  4. «The life of Jørgen Ingmann told through colleagues and friends (Obituary)». EuroVisionary (på engelsk). 23. mars 2015. Henta 8. juli 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Jørgen Ingmann