Cliff Richard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cliff Richard
CliffRichard2006.jpg
Cliff Richard in 2006.
Verkeleg namn Harry Rodger Webb
Opphav London i England
Fødd 14. oktober 1940
Lucknow i Britisk India
Instrument Vokal, gitar
Sjanger Rock 'n' roll/pop/gospel
Aktive år 1958 - til i dag
Yrke Songar og låtskrivar
Tilknytte artistar The Shadows
Plateselskap EMI, Decca, Columbia, Epic, Rocket, Papillon
Nettside CliffRichard.org

Sir Cliff Richard (fødd 14. oktober 1940), verkeleg namn Harry Rodger Webb[1] er ein engelsk låtskrivar, songar, skodespelar og entreprenør.

Med gruppa hans The Shadows regjerte Richard den britiske popmusikken seint på 1950- og tidleg på 1960-talet, før og i løpet av dei første åra The Beatles kom inn på hitlistene. Etter han vart kristen endra musikken og imaget hans seg meir mot pop enn rock. Han klart aldri å slå skikkeleg igjennom i USA, trass i at fleire av singlane hans gjekk inn på listene der.

I løpet av seks tiår har Cliff Richard hatt mange singlar inne på listene, og er i lag med Elvis Presley den einaste artisten som har gått inn på singellista i Storbritannia i alle tiår frå 1950-åra til 2000-åra. Han er den einaste songaren som har hatt singlar på toppen av lista i alle tiår frå 1950- til 1990-åra. Richard har hatt meir enn 130 singlar, album og EPar inne på Topp 20 i Storbritannia, meir enn nokon annan.[2] Han har seld meir enn 260 millionar plater.[3]

Den musikalske karrieren til Richard starta i 1958 med platekontrakt hos EMI. Den første hitten hans var songen «Move It». Han deltok i Melodi Grand Prix to gonger, i 1968 med «Congratulations» og 1973 med «Power To All Our Friends». Han vann aldri, men «Congratulations» vart ein stor hit som framleis er mykje spelt.

I 1973 spelte Richard hovudrolla i «komihumormusikalen» Kofferten, eit samarbeid mellom Sveriges Radio, BBC, YLE og NRK. I 1976 fekk han det endelege gjennombrotet i USA med songen «Devil Woman». Tre år seinare toppa han lister i fleire land igjen med songen «We Don't Talk Anymore», som vart ein av dei største songane hans. Utover 80-talet hadde han fleire hittar. Han fekk ein grammy for beste pop-plate i Storbritannia i 1988, og året etter selde han ut Wembly-arenaen to gonger i eit gigantisk jubileumsshow. I 1999 fekk han sin siste listetopp med «The Millennium Prayer».

Eit utval kjende songar[endre | endre wikiteksten]

Nokre av dei mest kjende songane til Cliff Richard er:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Cliffennium, Volume 1 - sir-cliff.com
  2. Top Hits from EveryHit
  3. Sir Cliff Richard calls on Church to bless gay marriage. The Times. 4. september 2008.