Apostelen Filip

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Apostelen Filip med ei oppslått bok og ein †-Kross. Glasmåleri frå 1849

Apostelen Filip var fiskar frå Betsaida i Galilea, og truleg ein av læresveinane til Døyparen Johannes da Jesus kalla han til seg. Johannesevangeliet fortel at det skjedde dagen etter at Peter og Andreas var kalla.[1] Filip og Andreas var dei einaste av apostlene som hadde greske namn, og da nokre grekarar ville sjå Jesus, var det Filip dei tok kontakt med.[2]

Kor det vart av Filip etter at apostlane var samla den første pinsa, er usikkert, tradisjonen er vag. I nokre tradisjonar vert han forveksla med ein diakon ved namn Filip, som levde og døydde i Hierapolis og hadde fleire jomfruelege døtrer med profetiske gåver.[3]

Etter katolsk tradisjon skal Filip ha misjonert i Sørvest-Asia og Skythia i det som no er Sør-Russland. Sidan skal han ha forkynt evangeliet i Frygia. Etter legenda vart han krossfest i år 81 under keisar Domitian. Relikvia etter Filip skal ha vorte førte til Konstantinopel og Roma, og skal elles finnast i kyrkjer i m.a. Troyes, Köln, Praha, Andechs, Paris og Toulouse.

Den heilage Filip vert i kunsten framstilt med latinsk kross eller ein T-forma Antoniuskross, som eit teikn på martyriet hans. Han kan også bli avbilda med ein lang kross; den kan vise til eit våpen som han i følgje ei legende om at han dreiv bort ei drake med. FPå bilete er Filip gjerne avbilda som svært ung.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]