Arequipa-regionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arequipa
Ariqipa
region
Flagg
Symbol
Land  Peru
Del av South America Midwest Integrated Zone
Hovudstad Arequipa
Areal 63 345,39 km²
Folketal 1 382 730 (2017)[1]
Kart
Arequipa-regionen
15°52′S 72°15′W / 15.86°S 72.25°W / -15.86; -72.25
Wikimedia Commons: Arequipa Region

Arequipa (spansk Región Arequipa, quechua Ariqipa suyu) er ein region i det sørlege Peru med ei lang kystlinje grense mot Stillehavet. Han har grenser mot Ica-regionen i nordvest, mot Ayacucho-regionen og Apurímac-regionen i nord, Cuzco-regionen og Puno-regionen i aust, og Moquegua-regionen i søraust. Folkesetnaden var omtrent 1,4 millionar i 2017, arealet er 63 345 km². Hovudstaden er Arequipa.

Regionen er delt inn i 8 provinsar.

Provins (hovudstad)

  1. Arequipa (Arequipa)
  2. Camaná (Camaná)
  3. Caravelí (Caravelí)
  4. Castilla (Aplao)
  5. Caylloma (Chivay)
  6. Condesuyos (Chuquibamba)
  7. Islay (Mollendo)
  8. La Unión (Cotahuasi)

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Arequipa har eit variert landskap med ei mykje tørr kyststripe i sør og eit mektig fjellandskap i sentrale og nordre delar av regionen. Kystlandskapet er gjennomskore av dalar med elver frå Andes som syter for vasstilførsel til frodig jordbruksland i avgrensa område. Sideelver til Apurímac har opphav i fjella rett nord for den djupe Colcadalen i Caylloma-provinsen og er dei mest fjerne kjelda til Amazonas-floden. Her finst fleire aktive vulkanar, høgste vulkanen er Ampato på 6310 moh., ein annan mykje kjent og kjegleforma vulkan er Misti på 5821 moh. like ved byen Arequipa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://censos2017.inei.gob.pe/redatam/; vitjingsdato: 12. juli 2019.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Arequipa-regionen