Cuzco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
La Compañia, Plaza de Armas, er bygd på Armaru Cancha, palasset til Huayna Cápac. Armaru Cancha vakte stor undring blant spanjolane for sin venleik i arkitektur og material. Foto: Michael Reeve
Den vidkjente tolvkanta steinen. (Foto Håkan Svensson som har gjeve skildringa: Stenen återfinns på Calle Hatun Rumiyoc, andra kvarteret från stora torget, på höger sida. Bilden är tagen 2002. Stenen har senare delvis skadats genom vandalisering sommaren 2004 och även tidigare, genom färgbesprutning och slag med verktyg.)

Cuzco, på mange språk Cusco, er ein by i Huatanay-dalen i Andes i søraustlege Peru. Byen ligg om lag 3400 moh. og folkesetnaden er på ca 300 000. Namnet Cuzco (quechua Qosqo) tyder navle.

Cuzco var hovudstaden og kulturelt og religiøst sentrum i Inkariket. Soltemplet Coricancha var byggverket med størst politisk og religiøst verde. Etter segna var templet møtepunktet for dei fire områda av Tawantinsuyu.

Mange trur byen vart forma med eit omriss av ein puma kor forsvarsverket Sacsahuaman utgjorde hovudet. Etter inkarikets fall i 1533, då den spanske conquistadoren Francisco Pizarro erobra Cuzco, følgde ein snøgg ombygging av byen. Dei gamle palassa og templa vart rasert, og kyrkjer kom opp. Fleire bygg frå kolonitida er tufta på gamle bygg frå inkatida, til dømes vart kyrkja og klostret Santo Domingo bygd på det gamle soltemplet Coricancha. Det er endåtil frakta steinblokker ned frå Sacsahuaman til ombruk i kyrkjer.

Cuzco har i dag mykje turisme på grunn av dei mange som kjem for å vitje Sør-Amerikas mest besøkte turistmål Machu Picchu. Saman med Machu Picchu var han den første peruanske kulturminnet som blei sett på UNESCO si verdsarvliste allereie i 1983.

Koloniseringa[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg inkarikets fall.

Cuzco stod på høgda av makta før borgarkrigen i inkariket braut ut omkring år 1530. Folkesetnaden i byen og i omegna stødde Huascar i kampen om makta i inkariket. Etter at Huascar tapte for generalane åt broren Atahualpa, var byen hærtatt fram til Francisco Pizarro dukka opp.

I februar til mars 1533 var tre spanjolar på ei første kort vitjing i byen i samband med innsamling til løysepengeskattar for Atahualpa. Dei tre fekk den gongen tatt med dei største gullskattane frå Coricancha. Først den 15. november 1533 kom hovudstyrken av dei spanske conquistadorane under leiing av Francisco Pizarro til byen saman med marionettinkaen Manco Cápac II.

Byen gjorde inntrykk på dei framande. Dei skreiv til kong Carlos I (Karl V):

«Denne byen er den mest praktfulle som er sett i dette landet eller nokon stades i India. Vi kan forsikre dykkar høgvørde om det er så fint her og her er så fine bygningar at det ville vekke oppsikt til og med i Spania.»

Som i dag var det den gongen ein sentral open plass midt i byen. Namnet på plassen var Aucaypata, i dag er dette Plaza de Armas i Cuzco. Rundt kring plassen låg dei fagraste palassa i byen. I kvartalet mot nordvest låg Casana, inka Pachacútec sitt palass. Casana vart nytta til festivalar og hadde plass til fire tusen menneske under tak. Pizarro valde Casana som sin residens under opphaldet i 1533 og seinare vart Casana gjort om til arkadar og butikkar. Bygningen som var rekna som den finaste var Amaru Cancha og låg på motsett side av Aucaypata. Dette var inka Huayna Cápac sitt palass. Arkitekturen for Amaru Cancha har vore godt skildra, her var mellom anna to høge praktfulle tårn med sølvportar. Hernando Pizarro og Hernando de Soto delte Amaru Cancha seg i mellom. I dag ligg Compañía-kyrkja mot Plaza de Armas på dette kvartalet. Opp mot nordaustre side av Aucaypata låg Suntur Huasi, eit palass med ein stor hall. Austre del av dette vart bygd om til hovudkatedralen i Cuzco. Rådhuset vart bygd kor den vestre delen av Suntur Huasi låg.

Mot det austlege hjørnet av Aucaypata låg Hatun Cancha og bak det igjen låg Inca Roca, i dag kjent som Hatunrumiyoc, «stor stein». Det som imponerte spanjolane mest ved bygningsarkitekturen var murarbeidet. Det fanst ikkje maken i Spania. I nordsida av muren mot Hatunrumiyoc finst framleis muren med den kjente tolvkanta steinen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hemming, John: The Conquest of the Incas. Macmillan, 1970.