Arabatneset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Satellittbilete av Azovhavet. Nr. 5 markerer Arabatneset
Sørlege delar av Arabatneset. Utsyn frå Arabat festning.

Arabatneset (ukrainsk Арабатська стрілка, Arabatska strilka; russisk Арабатская стрелка, Arabatskaja strelka; krimtatarisk Arabat beli), òg kalla Arabattunga, er ei landtunge som skil dei store, grunne og særs salte lagunane kalla Sivasj frå Azovhavet. Landtunga ligg mellom byen Henitsjesk i Ukraina og nord og nordaustsida av Krimhalvøya i sør. Ho er skild frå Henitsjesk av Henitsjesksundet (russisk Генический пролив).

Arabatneset er 112 km langt,[1] og er frå 270 meter til 8 km brei;[2][3][4] medan neset har eit areal på 395 km2. I snitt er breidda 3,5 km. Neset er lågt og rett på sida som vender ut mot Azovhavet, medan sida mot Sivasj er meir svingete. Strendene langs Azovhavet er populær og kysten her er langgrunn.[5] Temperaturen i sjøen er kring 0 °С om vinteren, 10–15 °С våren og hausten og 25–30 °С om sommaren.[6] Kring halve landtunga ligg i Kherson oblast i Ukraina og den andre halvparten høyrer til Krimhalvøya.[4]

Heilt sør på Arabatneset ligg den historiske Arabatfestninga, og som har gjeve namn til landtunga. Festninga vart bygd på 1600-talet av den tyrkiske armeen.[7]

I 1968 vart scenar frå ein kjend sovjetisk film, Sluzjili dva tovarisjtsja filma ved neset.[8]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Petrov, V.P. (1964). Geography of the Soviet Union: Physical features. s. 112. 
  2. V. I. Borisov and E. I. Kapitonov (1973) (på Russlandn). Azovhavet. KKI. 
  3. «Sivasj» (på Russlandn). Great Soviet Encyclopedia. http://slovari.yandex.ru/dict/bse/article/00070/78500.htm. 
  4. 4,0 4,1 Shutov, Introduction
  5. Арабатская стрелка (på russisk)
  6. Sjutov, Part 5
  7. Guillaume Le Vasseur de Beauplan (1660) (på fransk). Description d'Ukranie. 
  8. Arabat Foretress (på russisk)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 45°42′N 35°00′E