Torressundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Torressundet, med Ny-Guinea i nord og Australia i sør

Koordinatar: 9°52′49″S 142°35′26″E

Torressundet (engelsk Torres Strait) er sundet mellom sørkysten av Ny-Guinea og halvøya Cape York i Australia. Sundet knyter randhava Korallhavet i aust med Arafurahavet i vest, og opnar såleis samband mellom Stillehavet og Indiahavet.

Sundet er ca 185 km breitt, med korallrev, steingrunn, sandbankar og øyar. I tillegg til rev på austsida av sundet, vert den vestlege inngangen til sundet blokkert av klipper. Derfor finst det einast smale passasjar der ein går trygt med båt. Aust for sundet ligg nordspissen av det store barriererevet. Sjøfararen Matthew Flinders oppdaga i 1803 ein naturleg kanal ved Prince of Wales Island.

Nederlendaren Willem Janszoon leia det fyrste skipet frå Europa som var i Torressundet. I 1606 kryssa han i farvatna vest for sundet, han trudde landet var ein del av Ny-Guinea. Eit halvt år seinare reiste den spanske sjøfararen Luis Vaez de Torres gjennom sundet. James Cook var leiar for den neste europeiske ekspedisjonen som reiste gjennom sundet, som vart oppkalla etter føregangaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]