Aranøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aranøyane
Lokalt namn: Oileáin Árann
Utsikt frå Inisheer mot Inishmaan
Utsikt frå Inisheer mot Inishmaan
Geografi
Aran Islands.PNG
Stad Galway Bay
Koordinatar 53°07′N 9°42′WKoordinatar: 53°07′N 9°42′W
Tal på øyar 3
Store øyar Inishmore, Inishmaan og Inisheer
Administrasjon
Land Irland
Grevskap Galway
Aranøyane

Aranøyane (irsk: Oileáin Árann) er ei gruppe på tre øyar ytst i Galway Bay på vestkysten av Irland.

Den største av øyane er Inishmore (irsk: Árainn (Mhór) eller Inis Mór[1]), den midterste og nest største øya er Inishmaan (Inis Meáin / Inis Meadhóin) og den minste og austlegaste er Inisheer (Inis Thiar eller Inis Oírr / Inis Oirthir). Irsk er hovudmålet på alle øyane.

North Sound (Nordsundet) eller An Súnda ó Thuaidh ligg mellom Aranmore og Leitir Mealláin i County Galway og vart tidlegare kalla Bealach Locha Lurgan på irsk. Gregory's Sound (Gregorysundet) eller Súnda Ghríoghóra ligg mellom Aranmore og Inishmaan, og vart tidlegare kalla Bealach na h-Áite. Foul Sound (Styggsundet) eller An Súnda Salach ligg mellom Inishmaan og Inisheer og vart tidlegare kalla Bealach na Fearbhaighe. South Sound (Sørsundet) eller An Súnda ó Theas, tidlegare kalla Bealach na Finnise, ligg mellom Inisheer og County Clare.

Øyane er administrativt ein del av County Galway.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Karstlandskap på Inishmore, sett frå Dún Aengus, ei gamal festning

Øya består stort sett av karstisk kalkstein og der derfor nærare forbunde med Burren i County Clare i sør enn granittøya Connemara i nord.

Det er vist at store kampesteinar som ligg opp til 25 over havet ved klippene i vest ikkje har kome der av isbrear, men av ei stormstrand der enorme havbølgjer har kasta steinane langt oppå land. Slike bølgjer oppstår statistisk sett ein gong kvart hundreår.

Tradisjonelt levesett[endre | endre wikiteksten]

Inishmore

Øyane vart først kraftig busett på 1600-talet og mange av innbyggjarane var katolikkar som flykta frå fastlandet etter at protestantar erobra områda her. Dei tilpassa seg det harde klimaet og var heilt sjølvhjelpne. Metodane deira gjekk mellom anna ut på å blande lag med sand og tang over steinar for å skape dyrkbar jord. Denne teknikken vart nytta for å dyrke poteter og andre grønsaker.[2] Den same metoden gav òg beitemark for kyr og sauer, som igjen gav ull og garn til klede. Øybuarane lagde òg unike båtar for fiske, bygde husa sine med takhalm og det dei kunne finne eller ved hjelp av handel med fastlandet.

Hovudnæringa på øya er fiske og turisme.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Inishmore har ei dramatisk kystlinje.

Det er fleire festningar frå jernalderen på Inishmore, dei viktigaste heiter Dún Aengus (Dún Aonghasa) og Det svarte fortet (Dún Dúchathair). Mange turistar kjem til øyane, spesielt om sommaren.

Oileáin Árann Díreach organiserer turopplegg til alle tre Aranøyane med overnatting, fly og ferjetransport. Fleire busselskap, ferjeselskap og flyselskap syter for gode turmogelegheiter til og frå Rossaveal i grevskapet Galway, flyplassen Inverin. Det er òg ferjesamband til Doolin, i grevskapet Clare i nærleiken av Moherklippene).

Aranøyane sett frå Moherklippene.
Eit skipsvrak som rustar opp på grunn ved Inisheer. Fiskeri er ein liten, men likevel viktig del av næringa i området.

Aran-genseren[endre | endre wikiteksten]

I løpet av 1900-talet er Aran-genseren som kjem frå øyane vorte verdskjend. Han er strikka i tjukk, nesten kvit naturull med eit særskild mønster med stolpar, fletter og nupper. Han er eit godt val om ein treng ein god og varm ullgenser.

At genseren er så kjend har Pádraig Ó Síocháin, som kom til øyane i 1950-åra, mykje av æra for. Han vart svært glad i øyane, innbyggjarane og dei lokale skikkane, og festa sine inntrykk på talrike filmspolar.

Aran-båten/The Aran currach[endre | endre wikiteksten]

Aran-båten er den moderne utgåva av ein lett båt som vert kalla currach. Han er laga av seglduk trekt over eit lett og tynt skjelett av tynne spant før han vert sett inn med tjøre. Han er laga for å tole kraftig sjø frå Atlanterhavet.

Det er sagt at fiskarar frå Aran ikkje såg vitsen i å lære og symje fordi det ikkje var nokon som kom til å overleve dei sjøforholda som kunne velte ein Aran currach, så det vart betre å drukne fort.

Sjølv om båtane toler mykje sjø er dei utsett for rifter og hòl i seglduken.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aranøyane

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Det offisielle irske namnet på den store øya er Árainn frå det tradisjonelle namnet Árainn Mhór. Då britane gjorde geografisk oppmåling her og vest på Irland fann dei opp namnet Inishmore for den største øya, i dag gaelisert som Inis Mór, truleg for å ikkje blande ho saman med Aran Island i County Donegal. Dette nye namnet vart stort sett akseptert.
  2. Borgese, Elisabeth Mann. Seafarm: the story of aquaculture. New York: Harry N. Adams, Inc., s. 105.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]