Arasvikfjorden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arasvikfjorden er ein delfjord av Vinjefjorden mellom kommunane Halsa og Aure på Nordmøre nordaust i Møre og Romsdal fylke.
Arasvikfjorden er ei fortsetjing av Korsnesfjorden, som ligg i vest, og strekkjer seg 12 km austover på sørsida av Ertvågsøya. Valsøya ligg på sørsida av fjorden og på sørsida av øya ligg innløpet til Valsøyfjorden som går sørover. Fjorden endar i aust mellom Rumpa i nord, Arøya og Renndalshamna i sør.
Ferjesambandet Arasvika–Hennset, som vart opna i 1965, kryssar Arasvikfjorden. Ferjesambandet blir trafikkert av mindre bilferjer som tek mellom 30 og 50 bilar.