Arawak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Arawak, også kalla maipuran, er ein språkfamilie i Sør-Amerika og Karibia. Opphavleg var Arawak namnet på ei mektig folkegruppe som levde i Guyana og Surinam. Stammen blei allierte med spanjolane fordi dei tradisjonelt var fiendar til karibiske grupper som var i krig med spanjolane. Arawakspråk var utbreidd over heile Karibia på 1200-talet, men seinare kom karibindianarar frå Venezuela og etablerte seg på dei mindre vestindiske øyane. I tida då spanjolane kom til Amerika var arawakfolk utbreidd i austre delar av Andes i Peru og Bolivia, gjennom Amazonasbassenget i Brasil, nord gjennom Guyana, Surinam og Venezuela og sør til Paraguay.

Taíno, eit språk i familien, blei brukt på Cuba, Hispaniola, Puerto Rico, Jamaica og Bahamas med er truleg ikkje i bruk i dag. Arawakspråk vert nytta i Surinam i dag.

Liste over arawak språk[endre | endre wikiteksten]

Språkfamilien blei klassifisert sist på 1800-talet. ISO-koden er 639-2 arn.

  • Maipuran (60 språk)
    • Nordleg maipuran
      • Palikur (1 språk, ca 1200 brukarar)
      • Wapishanakaribisk (inkluderer ta-arawak. 7 språk; wayuu [goajiro] ca 300,000 brukarar, garífuna [svartkariber] ca 100,000 brukarar)
      • Innland (15 språk; baniwa har 3-4000 brukarar, piapoco ca 3000)
    • Sørleg maipuran
      • Campa (10 språk; asháninca eller ekte campa har 15-18,000 brukarar, ashéninca 18-25,000)
      • Sentral (6 språk; piro har ca 300 brukarar)
      • Amuesha (2 språk; yanesha har 6-8,000 brukarar)
      • Purus-Parana (10 språk, inklusive. qapurinã, moxo, terêna; terêna har 10,000 brukarar)

I tillegg finst 9 ikkje-klassifiserte arawakspråk.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]