Ardasjir I av Persia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ardasjir I av Persia
Coin ardashir i s.JPG
Sjahensjah ('konge av kongar') av Persia
Føregjengar Vologases VI
Etterfølgjar Sjapor I

Ardasjir I av Persia (d. 241) var grunnleggjaren av det persiske Sasanide-dynastiet. Han utropte seg sjølv til konge over Pars (Fars) i 200-åra, og blei herskar over stadig større delar av Persia. Han gjorde slutt på Partarriket og utfordra Romarriket.

Ardasjir (tidleg mellompersisk Arđaxšēr), er også kjend som Ardashīr-i Pāpagān, 'Ardasjir, son av Papag' og under dei latiniserte namneformene Artaxares og Artaxerxes.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Opphavet og det tidlege livet til Ardasjir er uklårt. Ulike kjelder oppgjev Sasan, som gav namn til Sasanidedynastiet, som anten far eller bestefar til Ardasjir, eller berre ein adeleg herskar. Papak (Babag) er omtalt som far eller bestefar hans. Ardasjir skal ha blitt fødd i Estakhr-distriktet i Pars, ein vasallstat under Partia.

Ardasjir kan ha vore med i eit opprør utført av Papak mot Gozihr, kongen av Estakhr, og overherredømet til Partia, rundt 205-206. Sjapur, eldstesonen til Papak, var konge ei tid, men etter at dei var døde, rundt 210, overtok Ardasjir. Det er ukjend om han var delaktig i dødsfallet til Sjapur eller om det fann stad naturleg eller ved ei ulukke.

Relieff av kroninga til Ardasjir I ved Naghsh-e-Rostam. Ardasjir blir gjeven kongeringen av Ahuramazda.

Ardasjir verker å ha vore sterkt knytt til parsismen. I fleire myntar og relieff er han skildra som ein tilbedar av Ahuramazda og med parsisymbol. Under han ser parsismen ut til å ha byrja bli ein statsreligion. Det er likevel ikkje funne prov på at han forfølgde dei som ikkje tilba parsielden, slik det er blitt hevda.

Erobringar[endre | endre wikiteksten]

Ardasjir utvida raskt territoriet sitt. Han kravde lojalitet av dei lokale prinsane i Fars og fekk kontroll over naboprovinsene Kerman, Isfahan, Susiana og Mesene. Utvidinga fekk merksemd hjå dei partiske herskarane, og i 224 marsjerte storkongen Artabanes IV mot han. Hærane deira kriga ved Hormizdeghan og Artabanes blei drepen. Ardashir fortsette med å invadera dei vestlege provinsane til det svekka partiske imperiet. Med Ardasjir tok eit firehundreårig partisk styre slutt og eit tilsvarande tidsrom med sasanide-styre tok til. I 226 blei han krona som eineherskar av Persia med tittelen Šāhānšāh, «konge over kongane». Kona hans Adhur-Anahid tok tittelen «dronning over dronningane».

I løpet av dei neste få åra utvida Ardasjir riket sitt vidare mot aust og nordvest. Han erobra provinsene Sistan, Gorgan, Khorasan, Margiana (i dagens Turkmenistan), Balkh og Khorasmia. Bahrain og Mosul blei også lagt til sasanideområda. Videre anerkjende kongane i Kusjan, Turan og Mekran Ardasjir som overherre. I vest hadde åtak mot Hatra, Armenia og Adiabene liten suksess.

Krig mot romarane[endre | endre wikiteksten]

I dei senere åra av styret sitt gjekk Ardasjir inn i ein serie væpna konfliktar med den store rivalen til Persia i vest, Romarriket.

I 230 leia han hæren sin inn i den romerske provinsen Mesopotamia og la utan suksess festningsbyen Nisibis under beleiring. Samtidig dro kavaleriet hans langt nok forbi den romerske grensa til å truga Syria og Kappadokia. Roamrane ser ut til å ha ønska å finna ei diplomatisk løysing på krisa, utan å lukkast. Ardasjir førte kampanjar mot utpostar langs den romerske grensa året etterpå, utan gjennombrot. Resultatet var at den romerske keisaren Severus Aleksander drog austover og etablerte hovudkvarter i Antiokia. Han hadde problem med å samla troppane sine og prøvde igjen forhandlingar, noko Ardasjir avviste.

Til slutt, i 232, gjekk Severus Aleksander sine legionar til åtak mot persarane tre stader. Ardasjir sigra, men hadde truleg store tap sjølv, for han forfølgde ikkje dei flyktande romarane. Året etter forlet begge leiarane stridsområdet.

Ardasjir gjekk saman med sonen og etterfølgjaren Sjapor inn i Mesopotamia på nytt i 237. Dette forsøket førte til vellukka åtak på Nisibis og Carrhae. Sjokket over dette i Roma førte til at keisaren til å gjenoppliva den romerske klientstaten Osrhoëne. I 241 overvann Ardashir og Sjapur endeleg festningsbyen Hatra etter fleire forsøk. Ardasjir døydde ei tid etter dette, truleg i 242.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ardasjir I av Persia

Kjelder[endre | endre wikiteksten]