Area

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Area
Opphav Italia
Sjanger Progressive rock, jazz, frijazz, jazz-fusion, eksperimentell musikk, elektronisk musikk
Tilknytte artistar I Ribelli
I Califfi
The Pleasure Machine
PFM
Medlemmer
Demetrio Stratos
Giulio Capiozzo
Patrizio Fariselli
Giampaolo Tofani
Gianni Sassi
Ares Tavolazzi
Stefano Bollani
Sara Borsarini
Pietro Tonolo
Guido Guidoboni
Tidlegare medlemmer
Patrick Djivas
Victor Edouard Busnello

Area var eit italiensk jazz-fusion- og progrock-band starta i 1972. Dei var kjend for sine venstrevridde, sosialistiske og kommunistiske tekstar. Vokalisten var den gresk-fødde Demetrio Stratos.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Area utvikla seg til å bli eit av dei mest respekterte og viktigaste banda innanfor det blømande progrock-miljøet i Italia på 70-talet.

Ungdomen i Italia på den tida identifiserte seg med dei sosialistiske tekstene, og den virtuose instrumentalismen til Area var ein annan grunn til framspringet til gruppa. Blant ekspertar på italiensk progressiv rock, er debutalbumet Arbeit Macht Frei sett på som ein klassikar.

Bandet vart leia av Demetrio Stratos, ein særs original og talentfull gresk-fødd vokalist som brukte stemma si som instrument, på trass av å aldri ha skrive noko for gruppa. Patrizio Fariselli (keyboard og perkusjon), Paolo Tofani (gitar og synth), Patrick Djivas (seinare i Premiata Forneria Marconi) (bass), Victor Busnello (saksofon, fløyte) og Giulio Cappiozo (trommar og perkusjon), var òg med i bandet. Lydbiletet til Area var eit samansurium av rock, jazz, austlege og arabiske rytmar, og det var denne samansetnaden av musikksjangrar som gjorde at Area skilde seg ut frå mengda. I byrjinga var Area velsigna med saksofon-spel frå Victor Busnello, men då han forlét gruppa saman med bassisten Patrick Djivas (erstatta av Ares Tavolazzi), vart Area meir gitar- og keyboardorientert.

Area gav ut fem studioalbum før Demetrio Stratos døydde i 1979: det allereie nemnde Arbeit Macht Frei, Caution Radiation Area, Are(A)zione (konsert), Crac!, Maledetti, konsertplata Event '76 og Gli Dei Se Ne Vanno, Gli Arrabiati Restano!. Gruppa vart så oppløyst, men dukka opp på nytt som Area II midt på 80-talet, sjølv om dett eigenleg vare eit prosjekt med Giulio Capiozzo og studiomusikarar. Dei gav ut to album i perioden 1986-87. Patrizio Fariselli vart med i Area II i 1997 for albumet Chernobyl 9771. Denne gruppa turnerte fram til oppløysinga i 1999. Capiozzo døydde eit år seinare.

Medlemmer[endre | endre wikiteksten]

1973[endre | endre wikiteksten]

  • Demetrio Stratos: vokal, orgel
  • Paolo Tofani: gitar, synth
  • Victor Busnello: saksofon, fløyte, bassklarinett
  • Patrizio Fariselli: keyboard
  • Patrick Djivas: bass
  • Giulio Capiozzo: trommer, perkusjon

1974[endre | endre wikiteksten]

  • Demetrio Stratos: vokal, orgel
  • Paolo Tofani: gitar, synth
  • Patrizio Fariselli: keyboard
  • Ares Tavolazzi: bass
  • Giulio Capiozzo: trommer, perkusjon

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

  • 1973: Arbeit Macht Frei
  • 1974: Caution Radiation Area
  • 1974: Crac!
  • 1976: Maledetti
  • 1978: Gli Dei Se Ne Vanno, Gli Arrabbiati Restano!
  • 1980: Tic & Tac
  • 1997: Chernobyl 7991

Konsertalbum[endre | endre wikiteksten]

  • 1975: Are(A)zione
  • 1979: Event '76
  • 1996: Concerto Teatro Uomo
  • 1996: Parigi-Lisboa

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]