Aribert Reimann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aribert Reimann

Fødd4. mars 1936
FødestadBerlin
Død13. mars 2024 (88 år)
DødsstadBerlin
OpphavTyskland
Sjangeropera, klassisk musikk, eksperimentell musikk
Instrumentpiano
Verka somkomponist, pianist, librettist
FarWolfgang Reimann
PrisarPour le Mérite für Wissenschaften und Künste, Verdienstorden des Landes Berlin, Großes Verdienstkreuz mit Stern des Verdienstordens der Bundesrepublik Deutschland, Bach-Preis der Freien und Hansestadt Hamburg, stort fortjenstkors av Forbundsrepublikken Tysklands fortjenstorden, Bayerischer Maximiliansorden für Wissenschaft und Kunst, Berliner Kunstpreis, Arnold Schönberg Prize, Robert Schumann Prize for Poetry and Music, Ernst von Siemens’ musikkpris, Verdienstkreuz 1. Klasse des Verdienstordens der Bundesrepublik Deutschland, Frankfurter Musikpreis

Aribert Reimann (fødd 4. mars 1936 i Berlin) er ein tysk pianist, komponist og musikkvitar. Han har komponert både kammermusikk og orkesterverk. Vokalmusikkverka hans inneheld ei stor spennvidde; dei kan femna om alt frå uakkompagnert solosong til stor korsymfonikk i eitt og same stykke, og dette har gjort Reimann til ein viktig komponist i samtida si. Han er busett i Berlin, og arbeider der.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Allereie som tiåring komponerte Reimann sine fyrste verk for piano. Etter å ha gjennomført obligatorisk skulegang tok han til å studera komposisjon, kontrapunkt og klaver ved musikkhøgskulen i Berlin og fekk samtidig ei stilling som repetitør-pianist ved Deutsche Oper Berlin. I 1958 reiste Reimann til Wien for å studera musikkvitskap ved universitetet der, og han heldt etter kvart sine fyrste opptrinn som pianist. I byrjinga av 1970-åra vart Reimann teken opp som medlem i det prestisjetunge Akademie der Künste i Berlin. Frå 1983 til 1998 heldt han eit professorat ved musikkhøgskulen i Berlin.

Karrieren til Aribert Reimann skaut fart fyrst då han byrja å komponera ballettar i samarbeid med forfattaren Günter Grass. Handlingsballettane Stoffreste (1959) «Stoffrestar» og Die Vogelscheuchen (1970) - «Fugleskremsla» vart til med libretto av Grass og musikk av Reimann. I tillegg tonesette Reimann diktet März av Grass for talestemme og fløyte. Reimann har særleg utmerka seg ved å komponera viktige operaer, noko som tok til etter urframføringa av hans versjon av August Strindbergs Ett drömspel i 1965. Etter dette komponerte han operaer av legenda Melusine (1971), Shakespeares King Lear (1978), Strindbergs Spöksonaten (1983), Trojanerinner av Euripides (1986), Slottet av Franz Kafka (1992), Bernardas hus av Federico García Lorca (2000) og nyleg Medea etter tredje del av dramaet Das goldene Vlies av Franz Grillparzer. Dette har styrkt stillinga til Reimann som ein av dei leiande operakomponistane i Tyskland.

Det var Aribert Reimann som skipa Busoni-komposisjonsprisen i 1988. Dette er den einaste av prisane til kunstakademiet i Berlin som har til formål å styrka rekrutteringa av unge, lovande komponistar. Ein har i tillegg gitt prisstipend til ein utvald komposisjonsstudent sidan 1992.

Utmerkingar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Aribert Reimann