Günter Grass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Günter Grass

Günter Grass (fødd 16. oktober 1927 i Danzig) er ein tysk-kasjubisk forfattar og mottakar av Nobelprisen i litteratur for 1999.

Hans best kjende verk er Die Blechtrommel (1959, norsk omsetjing: Blikktrommen), der han skildra livet til ein gut som ikkje ville veksa meir. Boka er ein historie-roman om tida mellom dei to verdskrigane i Danzig.

I 2002 kom Im Krebsgang ut, der temaet igjen er flukta frå aust-Tyskland. Tittelen spelar på krabben sine rørsler, og Grass skildra den russiske senkninga av skipet Wilhelm Gustloff i Austersjøen, der kring 9 000 tyske flyktningar, mest kvinner og barn, vart drepne.

I august 2006 gjorde Grass det kjend at han under andre verdskrigen tenestegjorde som soldat i Waffen-SS.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Danziger Trilogie
    • Die Blechtrommel (1959)
    • Katz und Maus (1961)
    • Hundejahre (1963)
  • Örtlich betäubt (1969)
  • Aus dem Tagebuch einer Schnecke (1972)
  • Der Butt (1979)
  • Das Treffen in Telgte (1979)
  • Kopfgeburten oder Die Deutschen sterben aus (1980)
  • Die Rättin (1986)
  • Zunge zeigen. Ein Tagebuch in Zeichnungen (1988)
  • Unkenrufe (1992)
  • Ein weites Feld (1995)
  • Mein Jahrhundert (1999)
  • Im Krebsgang (2002)
  • Letzte Tänze (2003)
  • Beim Häuten der Zwiebel (2006)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]