Arkimedes-lova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Arkimedes' prinsipp er nemninga på den klassiske lova om oppdrift og vart formulert av grekaren Arkimedes frå Syrakus i Italia:

Oppdriftskrafta er like stor som vekta som lekamen pressar bort.

Vekta av den omplasserte væska er direkte proporsjonal til volumet av den omplasserte væska (særleg om den omkringliggande væska har uniform tettleik). Difor vil lekamen med størst volum blant like store lekamar ha størst oppdrift.

Vi kan tenkja oss at ein stein veg 10 newton når han hengjer i ein streng i vakuum. Dersom vi vidare tenkjer oss at steinen vert søkkt ned i vatn, og at vatnet som blir pressa bort veg 3 newton, vil krafta som steinen verkar på strengen med vere: 10 newton − 3 newton = 7 newton.

Tettleiken til lekamen som blir søkkt ned relativt til tettleiken av væska, kan ein lett finne utan å måle volumet:

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]