Artaxerxes I av Persia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Artaxerxes I av Persia

Konge av Persia, farao av Egypt (465 f.Kr.-424 f.Kr.)
Fødd5. hundreåret f.Kr.
Død424 f.Kr.
DødsstadSusa
MorAmestris
FarXerxes I
EktefelleDronning Damaspia

Alogyne
Cosmartidene

Andria
BarnSogdianus av Persia, Xerxes II av Persia, Dareios II av Persia, Parysatis, Arsites
FøregangarXerxes I
EtterfølgjarXerxes II

Artaxerxes I var ein persisk konge av Akamenide-dynastiet som regjerte 465 f.Kr.-424 f.Kr.. Han var son av Xerxes I og Amestris, dotter av Otanes. Han herska over eit Persia som var i ferd med å mista makt og territorium.

Artaxerxes er den greske forma av namnet hans, som på persisk er Artakhsjathra. Han blei seinare kalla Ardesjir. I Bibelen er han kalla Artasasta. Han hadde også det greske tilnamnet Makrokheir (μακρόχειρ, 'langhand', latinsk Longimanus), visstnok fordi høgrehanda hans var lengre enn den venstre, eller som eit symbolsk tilnamn for den «lange armen» til makta hans.

Utskjering ved grava til Artaxerxes I i Naqsh-e Rustam.

Regjeringstid[endre | endre wikiteksten]

Artaxerxes kom på trona etter at far hans, Xerxes I, og den eldre broren Dareios var blitt drepen av visiren eller leiaren for livvakta, Artabanos. Han blei seinare drepen av Artaxerxes.

Under uroa kom det til opprør i Egypt og Baktria. I Egypt utropte den libyske kongen Inaros seg til konge og fekk hjelp frå Aten. Opprøret blei nedkjempa og løyst av Megabyzus, som så sjølv gjorde opprør mot Artaxerxes då Inaros og tilfangetekne grekarar blei drepne, i strid mot avtalen hans med dei. Dei to blei til slutt forlikte att.

Opprøret i Baktria blei anten leidd av satrapen Artabanus eller kongsbroren Hystaspes.

Etter at Persia tapte for grekarane ved Eurymedon, kom krigshandlingane mellom Hellas og Persia til ein stillstand. Då Artaxerxes I kom til makta, starta han ein ny politikk ved å trekkja atenarane unna ved å finansiera fiendane deira i Hellas. Dette førte indirekte til at atenarane flytta sin pengereserve frå Delian-ligaen frå øya Delos til atenske Akropolis. Finansieringspolitikken førte til nye kampar i 450 f.Kr. der grekarane angreip ved slaget om Kypros. Freden i Callias blei inngått mellom Aten, Argos og Persia i 449 f.Kr.

Artaxerxes tok imot den ostrakerte greske generalen Themistokles som hadde kjempa mot far hans, og gjorde han til guvernør. Han fullførte tronhallen, «hallen med hundre søylar», i Persepolis. Han reiste også eit nytt palass i Susa etter at det gamle brann ned.

Artaxerxes døydde i 424 f.Kr., samtidig som dronninga Damaspia. Han blei gravlagd i Naqsh-e Rustam, der det finst fleire akamenidiske kongegraver. Etterfølgjaren hans, sonen Xerxes II, blei drepen etter berre 45 dagar på trona. Han blei etterfølgd av halvbroren Dareios II.

Artaxerxes i Bibelen[endre | endre wikiteksten]

Artaxerxes I er nemnt i to bøker i Bibelen, Esra og Nehemja. Han gav jødar religiøst sjølvstyre, og tillet ei større gruppe å reisa attende til Jerusalem og byggja opp att bymuren.

På 1600-talet heldt teologen Roger Williams, grunnleggjaren av Rhode Island i USA, fram Artaxerxes som eit døme på ein god herskar som skilde mellom stat og religion i verket The Bloudy Tenent of Persecution for Cause of Conscience.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Artaxerxes I av Persia
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.