Arthur Henderson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arthur Henderson.

Arthur Henderson (13. september 186320. oktober 1935) var ein britisk politikar for det britiske arbeidarpartiet og vinnar av Nobels fredspris i 1934.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Arthur Henderson vart fødd i Glasgow, og voks opp der i Skottland fram til faren døydde då Arthur var ti år gamal. Familien flytte så til Newcastle, der Arthur Henderson begynte å jobba ved ein lokomotivfabrikk allereie frå tolvårsalderen. Året han fylte 16, konverterte han til metodismen og vart snart lekpreikar. Då han miste jobben ved fabrikken i 1884, konsentrerte han seg om å vera forkynnar samt om å studera ymse emne på eiga hand.

I 1892, nær tretti år gamal, tok Henderson til å verta involvert i fagforeiningar, der han snart fekk viktige posisjonar. Henderson var likevel imot streikar, fordi han meinte dei gjorde meir skade enn nytte. Han var med på skipingsmøtet av Labour Representation Committee eller LRC forløparen til det britiske arbeidarpartiet. Henderson vart vald til kasserar for LRC i 1903, og han vart medlem i Underhuset same året.

Frå 1908 - 1910 var Henderson leiar for det britiske arbeidarpartiet, som no hadde skift namn til Labour Party. Etter utbrotet av fyrste verdskrigen i 1914, trekte den dåverande partileiaren Ramsay MacDonald seg, og Henderson tok over. Året etter vart han utnemnd til utdanningsminister, og vart med det den fyrste britiske sosialdemokratiske politikaren som vart statsråd. Etter eit skifte av statsminister i 1916, fekk Henderson eit anna verv som statsråd. I 1917 føreslo Henderson å skipa ein internasjonal konferanse for å få slutt på krigen, men då dette vart nedstemt i kabinetter, trekte han seg frå som statsråd og gjekk også av som partileiar kort tid etter. Etter det omstridde valet etter freden i 1918, miste Henderson parlamentsstillinga si.

Etter nokre år der Henderson vart vald inn og ut av parlamentet, vart han utnemnd til innanriksminister i Ramsay MacDonald si kortvarige sosialdemokratiske regjering frå januar til november 1924. MacDonald danna ny regjering i 1929, og utnemnde denne gongen Henderson til utanriksminister. I denne stillinga freista Henderson å løysa opp i usemja som hadde bygt seg opp i Europa sidan fyrste verdskrigen. Storbritannia erklærte full stønad til Folkeforbundet, og oppretta diplomatiske band til Sovjetunionen. Regjeringa MacDonald fekk gjennomslag for mykje av politikken sin, men måtte gå av i 1931 som fylgje av den økonomiske krisa i Europa.

Ei stund etter dette var Henderson partileiar att, men trekte seg i 1932. Dei siste åra av livet sitt arbeidde Henderson for å motverka ein mogleg ny storkrig, m.a. ved å vera formann for nedrustingskonferansen i Genève. For dette nedrustingsarbeidet mottok han Nobels fredspris i 1934. Året etter døydde han, 72 år gamal. To av sønene hans, William og Arthur, vart sjølve politikarar for Labour.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]