Ask kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ask kyrkje
kyrkje
Foto: J.P. Fagerback
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Askøy
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Vesthordland
Sokn Ask
Fellesråd Askøy
Arkitekt Hartvig Sverdrup Eckhoff
Teknikk Lafteverk (tårn i bindingsverk)
Material Tre
Innvigd 8. oktober 1908
 - Endringar Rest. 1954–55 ved Torgeir Alvsaker
Tårn I søraust
Kor Polygonalt avslutta
Klokker 1, O. Olsen & Søn (1908)
Kyrkjegard Ja
Preikestol (1908)
Døypefont (1954)
Altartavle Julius Holck (1908) e. Marcus Grønvold
Orgel Olsen & Jørgensen 1914 (frå Strusshamn 1964)
Sitjeplassar 275
Diverse Glasmåleri (Peter og Paulus) av G. Rognaldsen (1933)
Kart
Ask kyrkje
60°28′37″N 5°12′45″E / 60.47690389°N 5.212455°E / 60.47690389; 5.212455
Wikimedia Commons: Ask kirke

Ask kyrkje er ei langkyrkje i Askøy kommune i Vestland fylke. Ho vart vigsla 8. oktober 1908 og restaurert i 1954–55. Skipet, koret og sakristia er i lafteverk, medan tårnet er i bindingsverk. Orienteringa er frå søraust mot nordvest.

Interiør og inventar[endre | endre wikiteksten]

Altartavla har eit bilete av Jesus i bøn, måla i kopi etter altartavla i Johanneskyrkja i Bergen. I to korvindauge er glasmåleri av Peter og Paulus. Desse er laga av firmaet Rognaldsen i Bergen. Preikestolen er på alder med kyrkja, men vart flytta til nordvestveggen i skipet i 1954–55 (med oppgang gjennom veggen frå sakristiet). Den opphavelege døypefonten var «berre eit simpelt stativ»[1], og kyrkja fekk ny døypefont i 1954. Han er teikna av Torgeir Alvsaker. Orgelet (Olsen & Jørgensen, 1914) kom frå Strusshamn kyrkje i 1964. Kyrkjeklokka er støypt av O. Olsen & Søn.

Kyrkjegard[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja står i det nordre hjørnet av den delvis terraserte kyrkjegarden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clausen iflg. «Norges kirker»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]