Askøy kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Askøy kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1247
Fylke Hordaland
Adm.senter Kleppestø
Areal 99 km²
Folkemengd 26 831 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) Siv Høgtun (H)
Målform Nøytral
Nettstad www.askoy.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1247.svg
Askøy kommune på Commons

Askøy er ein kommune og ei øy i Hordaland fylke. Kommunesentrum er Kleppestø. Frå Kleppestø går det snøggbåt som tek 10 minutt inn til Bergen sentrum. I 1992 opna Askøybrua, som no er hovudsambandet til Bergen.

Namnet «Askøy» kjem av garden Ask, på austsida av øya. I sin tur har garden namn frå treslaget ask. Eit gamalt namn på Askøy er «Fenring», eit namn som går igjen i sagalitteraturen.

Kommunen omfattar i tillegg til sjølve Askøy øyane Herdla, Ramsøy og Horsøy. I tillegg kjem ymse mindre øyar. Ved grensereguleringer i 1964 fekk Askøy kommune overført delar av gamle Herdla herad, i tillegg til dei delane av Meland kommune som låg på Askøy. Frå 1837 til 1918 var Laksevåg ein del av Askøy kommune. Lokalavisa Askøyværingen har hovudkontoret sitt i Kleppestø.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Kommunevåpenet syner på ein bakgrunn av sylv eit grønt asketre. 28. september 1961 vart det godkjend av Askøy kommunestyre. Våpenet er teikna av Magnus Hardeland. Motivet er eit asketre som står på ei øy eller kolle med sjø foran.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Per Ove Askeland og Anders Bjarne Fossen: Fotturer på Askøy : «har du gått på mjuke stiar- », to bind 2001 - 2003.
  • Fossen, Anders Bjarne: Askøys historie. 3 band 1996-1999.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]