Askeladden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For eventyrfiguren, sjå Oskefisen

Askeladden er namnet på databasen Riksantikvaren har med freda kulturminne og kulturmiljø i Noreg. Databasen dekkjer også objekt som er inne i ein fredningsprosess etter Kulturminneloven, kulturminne som er freda etter Svalbardmiljøloven og listeførte kyrkjer.

Databasen er basert på innhaldet frå det tidlegare Fornminneregisteret, Frednings­registeret og Kyrkjeregisteret og vart offisielt opna i 2004. Basen er eit sentralt verktøy for forvalting og vern av kulturminne. Brukarane av Askeladden kan søkje etter kulturminne ut frå sjølvvalde kriterium, produsere kart og lage statistikk. Databasen er berre tilgjengeleg for instansar som forvaltar kulturminne, som kommunar, konsulentfirma, politi og liknande, eller for forsking. I samband med Kulturminneåret 2009 skal databasen bli tilgjengeleg for alle.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]