Kulturminne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Helleristingane i Alta er eit kulturminne som står på UNESCO si verdsarvliste.
Urnes stavkyrkje er teke med på lista over verdsarv på grunn av sin verdi som kulturminne. Teikning av I. C. Dahl

Kulturminne er ei nemning på i vidaste tyding leivningar frå menneskeleg verksemd frå dei tidlegaste tider fram til i dag. I følgje den norske Kulturminneloven omfattar nemninga alle spor etter menneskeleg verksemd i det fysiske miljøet, mellom anna stader det knyter seg historiske, religiøse eller sogehendingar til.

Kulturminne som vert sett på som særleg viktig kulturarv, kan verta bandlagde gjennom freding. I Noreg er det Riksantikvaren som har forvaltingsmynde knytt til kulturminne. UNESCO har utpeika nokre kulturminne som dei ser på som svært viktige minne om menneskja sin historie til å vera verdsarv.

Innhaldsliste

Typar [endre]

Kulturminna kan vera slike bygningar eller ting som hus, industribygg eller fartøy, eller eldre busetjingsspor, gravhaugar, jernvinner eller tjøremiler. Ein kan også finna dei som kulturlandskap i til dømes dyrka mark, beiteområde og utmark.

Vern [endre]

Ein kan verna kulturminne gjennom lovverk som seier at det er forbode å øydeleggja eller gjera visse endringar på dei. Ein kan også gje økonomisk støtte til vedlikehald av kulturminna, til dømes støtte til ei viss form for gardsdrift som opprettheld kulturlandskapet.

Kulturminne kan også flyttast til museum der ein både kan ta vare på dei, syna dei fram og fortelja om dei.

Tyding [endre]

Kulturminne kan vera viktige historiske kjelder for historikarar og arkeologar. Dei kan også gjeva ei kjensle av historie til vanlege folk. Flotte eller spesielle kulturminne er ofte mål for turisme, og har såleis stor økonomisk tyding.

Sjå òg [endre]

  • Norsk folkemuseum, eit museum som særleg tek vare på norske kulturminne
  • National Trust, engelsk organisasjon som tek vare på og syner fram gamle (herskaps)hus

Kjelder [endre]

Bakgrunnsstoff [endre]