Astenosfære

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Astenosfæren (frå gresk a + ''stenos «utan styrke») er eit geologisk sjikt i på jorda som ligg om lag 75–300 km under jordoverflata i den øvre delen av mantelen. Astenosfæren er blautare og meir plastisk enn massane over og under og det føregår langsame straumar i den seige lavamassen, som vert kalla mantelstraumar. Det er varmen frå det indre i jorda som driv mantelstraumane. Dei stivare platene ytst i jordskorpa glir på dette blaute skallet, ein prosess kalla platetektonikk. Den uregelmessige jordoverflate vert jamna ut tyngdemessig, isostasi, i astenosfæren og magma vert danna.

I nokre tilfelle kan astenosfæren gå heilt ned til eit djup på 700 km.

Sjølv om ein såg føre seg astenosfæren alt i 1926, vart det først ved det store jordskjelvet i Chile 22. mai 1960 at ein fekk stadfesta at han eksisterte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]