Attila

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Attila

Fødd
FødestadKaukasia
Død453
DødsstadPannonia
FarMundzuk
EktefelleKreka, Ildico, Eskam's daughter
BarnEllac, Dengizich, Ernak, Prince Csaba

Attila (406453), òg kjend som Atle, var keisaren over hunarane frå år 434 til han døydde i 453.[1] Han var leiar av Hunarriket som strekte seg frå nordsida av Kaukasus til Rhinen. Sentrum i riket låg på dei langstrekte slettene mellom Donau og Tisza.[2]

I løpet av styringstida si truga Attila fyrst Austromarriket, dinest Vestromarriket. I 451 leidde han eit felttog i vest, men vart stogga av romerske hærstyrkar under Flavius Aëtius i slaget på Katalaunarmarka (i dagens Nordaust-Frankrike). Året etter for han nedover den grøderike Po-sletta og hærtok byar som Bergamo, Mantova og Milano.[3] Sidan drog han seg attende, moglegvis på oppmoding frå paven.

Attila var illgjeten for despotisk framferd og eit hardt styresett. Han vart omtala som «Guds svepe», av di folk i samtida meinte at han vart send som ein straffedom frå Gud.[4] Han døydde under mystiske omstende morgonen etter sitt eige giftarmål med den burgundiske kongsdottera Ildico. Nokre historikarar har hevda at det var brura som tok livet av han. Etter at Attila var død gjekk riket hans i oppløysing.[2]

I tysk og nordisk dikting er han kjent som Atle eller Etzel.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Attila (1985). I Damms store leksikon bd. 2. (s. 172). Oslo: Damm.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Imsen, S.; Seland Heldaas, E. «hunere». Store norske leksikon. Henta 25. november 2023. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Attila». Store norske leksikon. Henta 25. november 2023. 
  3. Heather, P. (2007). The Fall of the Roman Empire: A New History of Rome and the Barbarians. Cary: Oxford University Press. s. 340. ISBN 9780195325416. 
  4. Bailey, A; Reit, S. (1969). Vesterlandene i middelalderen. Allers verdenshistorie 6 (Oslo: Allers). s. 442.