Tisza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 45°8′17″N 20°16′39″E
Tisza
rumensk Tisa
russisk Тиса
ukrainsk Тиса
slovakisk Tisa
serbisk Тиса, Tisa
elv
none  Tisza i Szeged i Ungarn
Tisza i Szeged i Ungarn
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina, Flag of Romania.svg Romania Flag of Hungary.svg Ungarn, Flag of Slovakia.svg Slovakia Flag of Serbia.svg Serbia
Tilløp
 - venstre Someş, Körös, Mureş
 - høgre Bodrog
Byar Sighetu Marmaţiei, Khust, Szolnok, Szeged, Bečej
Kjelde
 - stad Aust-Karpatane, Ukraina
 - høgd 2 020 moh
Munning Donau
 - stad Nedanfor Novi Sad, Serbia
 - koordinatar 45°8′17″N 20°16′39″E
Lengd 965 km
Nedslagsfelt 156 087 km²
Vassføring munning
 - middel 792 /s
Kart over Tisza og den sørlege delen av Donau
Kart over Tisza og den sørlege delen av Donau

Tisza er ei av dei store elvane i Sentral-Europa og ei av dei store sideelvane til Donau frå venstre. Ho har sitt utspring i Ukraina med Kvite Tisza i Khornohora og Svart Tisza Gorganijfjella. Ho renn delvis langs grensa til Romania og renn gjennom Ungarn, der ho så vidt renn langs grensa til Slovakia. Ho munnar ut i Donau i Vojvodina i Serbia. Ho dannar grensa mellom regionane Bačka og Banat. Tisza har eit nedslagsfelt på om lag 157 186 km².

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet på elva i dei forskjellige landa ho renn gjennom er:

I antikken vart ho kalla Tisia og dei latinske namna på ho var Tissus, Tisia, Pathissus (Plinius den eldre, Naturalis historia, 4.25). På tysk vert ho kalla Theiß.

Regulering[endre | endre wikiteksten]

Lengda til Tisza i Ungarn brukte å vere 1 419 km. Ho rann over Den store ungarske sletta, som er ei av dei største slettene i Sentral-Europa. Sidan sletter kan føre til at elvar renn svært sakte, og Tisza fylgde ei lttei med mange svingar, som førte til store flaumar i området.

Etter fleire mindre forsøk, organiserte István Széchenyi «kontrollen av Tisza» (ungarsk a Tisza szabályozása) som starta 27. august 1846 og var ferdig i 1880. Den nye lengda hennar i Ungarn vart 966 km, med 589 km «døde kanalar» og 136 km med ny elevleie.

Tiszasjøen[endre | endre wikiteksten]

I 1970-åra starta bygginga av Kisköre-reservoaret for å kontrollere flaum og lagre vatn til tørre periodar av året. Det viste seg derimot at resultatet, Tiszasjøen, vart ein av dei mest populære turistdestinasjonane i Ungarn, sidan han hadde mange av dei same kvalitetane som Balatonsjøen og langt lågare prisar.

Skipsfart[endre | endre wikiteksten]

Tisza er framkommeleg for båttrafikk langs store delar av leia hennar. Det er ikkje mange åra sidan elva vart opna opp for internasjonal skipsfart. Før skilde Ungarn mellom nasjonale og internasjonale elvar, som indikerte om ikkje-ungarske fartøy var tillate eller ikkje. Etter at Ungarn vart eit medlemsland i EU vart dette skiljet heva og fartøy vart tillate på Tisza.

Sideelvar[endre | endre wikiteksten]

Tisza og Bodrog renn i saman ved Tokaj

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tisza

Kjelde[endre | endre wikiteksten]