Auch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Auch
Vieille ville d'Auch.jpg
Byvåpenet til Auch
Byvåpenet til Auch
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Midi-Pyrénées
Gers
Geografi
Flatevidd
 - By

72,48 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik
 - Byområde

21 838
  301/km²
24 725
Koordinatar 43°38′″N 00°35′″EKoordinatar: 43°38′″N 00°35′″E
Høgd over havet 166 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 32000

Auch (gasconsk Aush) er ein by og kommune sørvest i Frankrike. Han er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Gers i Midi-Pyrénées. Auch er den historiske hovudstaden i Gascogne, og har i dag over 20 000 innbyggjarar. Elva Gers renn gjennom byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Auch er ein svært gammal by, og namnet kjem frå stamma Aquitani som budde i området fram til romarane erobra det på 50-talet fvt. Romarane kalla denne stamma Ausci. Romarane kalla byen Augusta Auscorum (eller Augusta Ausciorum), som tyder «Augusta av Ausci». Etter kvart droppa ein Augusta, og namnet utvikla seg etter kvart til Aush og Auch. Innbyggjarar i Auch vert kalla auscitains.

I romartida var Auch ein av tolv civitates i den romerske provinsen Novempopulana (Gascogne).

Éauze, hovudstaden i Novempopulana, i 409 vart lagt i ruinar av vandalar, vart Auch den nye hovudstaden i Gascogne. Han vart sete for eit katolsk bispedøme, som dekte heile Gascogne og som varte fram til den franske revolusjonen. Erkebiskopen hadde tittelen Primas av Aquitaine, Novempopulana, og av kongedømet Navarre.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Auch